Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

HMS ved kontinuerleg regulering

Her skal du kartleggje og setje i verk HMS-tiltak i prosessanlegg.
  1. Kva tryggingstiltak må setjast i verk ved arbeid med trykkluft med eit maksimumstrykk på 7 bar?
  2. Korleis er vernet mot for høg berøringsspenning ordna på det nivåreguleringsanlegget du har montert?
  3. Du monterer ein galvanisert kabelkanal og skal kappe ei lengd på 2,5 m lengde ned til 1 m. Vel kappeverkty og risikovurder ein slik operasjon.
  4. Etter å ha kopla opp eit nivåreguleringsanlegg sit du igjen med følgjande avfall: plastniplar, kabelkapp, defekt regulatorutgangstrinn, galvanisert kabelkanal, leidningskanal av plast, aluminiumsspon frå boring i styreskap. Korleis vil du sortere og handtere dette avfallet?
    Ta utgangspunkt i det som er mogleg på verkstaden og i dei lokale prosedyrane som gjeld.
CC BY-SASkrive av Odd Ståle Vikene.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2018

Læringsressursar

Kontinuerleg regulering