Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stell og kroppsvask i seng

Heil kroppsvask i seng kan vere nødvendig viss pasienten er veldig svak, eller viss det vil vere for belastande for personen å flytte på seg. Dette kan òg gjelde pasientar med store smerter eller pasientar som av andre årsaker treng sengeleie.
Helsefagarbeidar med vaskeklut og vaskefat framfor sengeliggjande pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

Når du skal hjelpe andre med personleg hygiene, kjem du inn i intimsona til menneske du ikkje har eit privat forhold til.

  1. Kva må du tenkje på når du planlegg personleg hygiene for ein brukar som treng hjelp til det meste?

  2. Forklar korleis du vil gjennomføre arbeidet, og grunngi vala dine.

Gruppeoppgåver

  1. Gå i grupper og diskuter kva som er viktig å hugse på når de skal stelle ein sengeliggjande pasient.

  2. Lag ein plan for korleis de vil gjennomføre stellet, og ei liste over nødvendig utstyr.

  3. Finn fram utstyret de treng, og gjennomfør stell av pasient i seng. Byt på å vere helsefagarbeidar, observatør og pasient.

  4. Evaluering i gruppa etter at alle har prøvd dei ulike rollene.

    1. Korleis opplevde de det å stelle ein annan?

    2. Korleis opplevde de det å bli stelt av andre?

  5. Kva observerte de undervegs i dei ulike rollene?

    1. pasient

    2. helsefagarbeidar

    3. observatør

Relatert innhald

For å kunne kommunisere på ein måte som fremjar tryggleik og tillit, bør du kjenne dei uskrivne reglane for kommunikasjon og tolke tilbakemeldingar du får.

Brukarar skal sjølve aktivt medverke og ta avgjerder i forhold som gjeld dei.

CC BY-NC-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Lillian Brønseth, Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie