Oppgåve: Forsøk

Forsøk: Blytreet

Publisert: 09.03.2010, Oppdatert: 03.03.2017

 

(Videoen hakkar ikkje, det er innlagde pausar.) 

 

Utstyr:

  • Begerglas 100 cm3.
  • Blyacetat (blyetanat).
  • Konsentrert eddiksyre.
  • Nål eller binders som minuselektrode.
  • Karbonelektrode som plusselektrode.
  • To leidningar.
  • To krokodilleklemmer.
  • Voltmeter.

 

Fra ei eske med kuler.Bly er eit giftig grunnstoff. Det er mjukt og tungt (eigenvekt 11,35 g/cm3), og eignar seg godt til luftgeværkuler. 

Hensikt

Vi skal finne ut kva som skjer ved minuselektroden når ein løysning av blyion blir elektrolysert. Reaksjonen er nok litt meir overraskande og morsom enn du kan tenkje deg!

Elektrolyseoppsett. Illustrasjon.Blytreet.  

Framgangsmåte:

  1. Set apparatet saman som vist på figuren. Bruk helst destillert vatn. Vatn frå springen kan òg brukast, men løysningen kan då bli noko blakka. For å få løysningen klar slik at du kan sjå forsøket godt, kan du setje til nokre dropar konsentrert eddiksyre (etansyre).
  2. Som positiv elektrode kan du bruke ein karbonelektrode, ein spikar eller berre metallet på bananpluggen.
  3. Den negative elektroden er ei nål eller ein utbretta binders.
  4. Hold elektrodene i ro, 1-2 cm fra hverandre, og sett på en spenning på 4-10 V.

 

Spørsmål

Etter nokre minutt bør vi kunne sjå at blyiona har komi fram til den negative elektroden. Kva ser du ved den elektroden? Forklar!

Relatert innhald

Generelt