Fagstoff

Stråling frå verdsrommet

Publisert: 24.05.2010, Oppdatert: 17.07.2015

I vår eigen galakse, Mjølkevegen, er det cirka 300 milliardar stjerner. Vi reknar med at det er cirka 100 milliardar galaksar i universet. Det er så store tal og så store avstandar at det er uråd å telje dei, men vi meiner at det er om lag 1022 (10 000 000 000 000 000 000 000) stjerner i universet. Alle sender dei ut elektromagnetisk stråling som før eller sidan treffer jorda.

Avstandene i verdensrommet er nesten ufattlige

Stjernene er så langt borte at vi berre ser dei som lysande prikkar, jamvel med dei sterkaste teleskopa som finst. Likevel kan forskarar finne ut mykje om kva stoff planetane og stjernene består av, kor varme stjernene er, kor langt borte dei er, og om dei er i rørsle mot oss eller frå oss. Korleis finn forskarane ut av dette?

Natthimmel og teleskop. Foto.Natthimmel og teleskop.   
Relatert innhald