Oppgåve

Øvingsoppgåver - konsekvensar av drivhuseffekten

Publisert: 30.01.2010, Oppdatert: 03.03.2017

 

Satelitt med jorda i bakgrunnenAura er en av NASAs satelitter som overvåker klimaet på jorda.
Opphavsmann: NASA

 


    1. Kva var årsaka til klimaendringane før den industrielle revolusjonen?
    2. Kva slags menneskelege aktivitetar kan føre til ein auke i temperaturen på jorda?
    3. Nemn årsaker til at havnivået stig eller fell.
    4. Kva fører til størst auke i havnivået – at isen på Nordpolen eller isen på Sørpolen smeltar?
    1. Kva for stoff er med i fotosyntesen?
    2. Fotosyntesen går ikkje av seg sjølv. Kvar får prosessen energien frå, og kva slags energi dreier det seg om?
    3. Korleis trur vi oksygenproduksjonen i regnskogane i verda verkar inn på det totale oksygeninnhaldet i jordatmosfæren?
    4. Korleis trur vi reduksjonen av regnskogane verkar inn på det totale innhaldet av karbondioksid i jordatmosfæren?
    5. Dersom all regnskogen i verda vart redusert med 7 % av det noverande regnskogarealet per år, kor lang tid ville det gå før regnskogen var halvert? (Tips: Bruk prosentvis vekst.)
    1. Korleis kan auka drivhuseffekt verke inn på hus- og vegbygging i arktiske strøk?
    2. Korleis kan auka drivhuseffekt føre til høgare utslepp av metan i arktiske strøk?
    1. Kva for tiltak blir sette i verk internasjonalt for å redusere utsleppa av drivhusgassar?
    2. Kva kan kvar og ein av oss gjere for å spare energi?
    3. Korleis kan gjødsling av havområde med jernsulfat redusere utsleppa av karbondioksid?