Hopp til innhald

Fagstoff

Ei oversikt over dei viktigaste dramateknikkane

No skal vi gå litt meir konkret til verks. Dramafaget er stort, og det er mange som har halde på med det og utvikla ei nesten uendeleg mengd med teknikkar og øvingar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No skal vi gå litt meir konkret til verks. Dramafaget er stort, og det er mange som har halde på med det og utvikla ei nesten uendeleg mengd med teknikkar og øvingar.

Jente som holder en tavle med et utropstegn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her skal vi ta for oss fem av hovudteknikkane i dramafaget:

Dramateknikk 1: Frys/ bilet-teater

Opphavleg blei biletteater utvikla av ein brasilianar som heiter Augusto Boal. Han utvikla teknikken for å jobbe med undertrykking i forskjellige former, men teknikken kan brukast i mange forskjellige samanhengar. Ein bruker kroppen til å lage ein statue av temaet eller på andre måtar visualisere eit enkeltord eller eit tema.

Biletteater går kort sagt ut på at deltakarane i grupper lagar frysbilete (statuar eller eit slags lysbilete) av ein situasjon, ein tilstand eller eit tema.

Dette biletet kan så arbeidast med på fleire måtar. Ofte er mellommenneskelege situasjonar godt eigna, som mobbing, familieliv eller vennskap. For eksempel: Kva tenkjer du når du høyrer ordet mobbing? Kva for konkrete handlingar er det ein gjer når ein mobbar nokon? Lag eit bilete av ein som er utafor. Kva er situasjonen, kvar er de, kven er de?

Når vi bruker frysteknikk, tek vi i bruk kroppen. For at det verkeleg skal fungere, er det viktig at leiaren er nøyen med at det er god kvalitet på frysbiletet. Det skal vere som om nokon har teke bilete av deg midt i ei rørsle. Frys er frosen energi. Hugs at også ansiktsuttrykk og blikkretning høyrer med og må haldast heilt i ro. Slik øver vi opp konsentrasjonen og kroppskontrollen til deltakarane samtidig som vi jobbar med temaet.

Dramateknikk 2: Dramatisering

Dramatisering er opphavleg å lage teater med utgangspunkt i eit anna kunstnarisk produkt, for eksempel eit eventyr, ei novelle, eit dikt eller eit bilete. Men ein kan naturlegvis òg lage teater ut ifrå eit tema. Det som er viktig å tenkje på når ein skal dramatisere, er at ein har situasjonen tydeleg føre seg: Kven er ein, kvar er ein, når er det, kva gjer ein, og kvifor gjer ein det? Det er òg viktig at det er ein eller annan slags konflikt eller eit problem som oppstår i situasjonen.

Vi har tidlegare nemnt at drama kan vere ein måte å kommunisere ikkje-verbalt på. Mange tenkjer nok at ein må ha ein eller annan slags tekst eller replikkar når ein dramatiserer. Det kan ein naturlegvis ha, men det går òg an å dramatisere med svært få ord, eller utan å bruke ord i det heile. Mange gonger kan det faktisk gi verke sterkare enn å bruke ord.

Her er nokre ting ein kan tenkje på for å få fram informasjon om situasjonen og forholdet mellom personane utan å bruke ord:

  • blikkontakt eller ikkje blikkontakt
  • handlingane ein utfører
  • fysisk avstand eller nærleik
  • kroppshaldning
  • ansiktsuttrykk
  • enkle, symbolske kostyme eller rekvisittar (kva seier det for eksempel om ein person at han eller ho har ein kross rundt halsen?)


Enkle kostyme kan vere svært verknadsfulle. I tillegg kan kostymet gjere det lettare å komme inn i rolla og spele henne. Mange barn og unge synest at det er enklare å spele ei rolle når dei får på seg eit kostyme. Det kan ha noko å gjere med at ein kan gøyme seg litt bak det. Ein kjem lenger vekk frå seg sjølv. I tillegg er det å kle seg ut noko mange barn og unge liker og synest er artig, og det å leike seg litt med kostyme skaper ofte god stemning i gruppa.

Dramateknikk 3: Intervju

Intervju er ei øving i å skaffe seg informasjon, og det er difor ei øving alle kan få god bruk for i det verkelege livet. Denne øvinga kan gjerast i par, eller så kan heile gruppa intervjue ein person som kan vere i rolle.

For eksempel kan han som blir intervjua, late som han er ein figur i ei forteljing eller eit eventyr. Resten av gruppa er seg sjølve og stiller han spørsmål. Han som er i rolle, må svare så godt han kan ut ifrå det han veit frå teksten. Det er ofte svært populært blant barn viss leiaren er den som går i rolle og blir intervjua.

Jobbar ein for eksempel med eventyr som tema, kan den som er leiar, gå i rolle og kle seg litt ut som eit troll og late elevane intervjue trollet. Kanskje treng trollet òg hjelp til noko etter intervjuet, for eksempel å lage ein trolldans.

Dramateknikk 4: Rollespel

Denne teknikken har faste rammer og inneber ikkje noka form for vising. Det betyr at han kan fungere godt for nybegynnarar. Det er likevel lurt å ha hatt ein del øvingar der ein speler ei rolle, i og med at deltakarane i denne teknikken skal halde på rolla over eit litt lengre tidsrom.

Rollespel går føre seg i grupper. Deltakarane i rollespelet får eit rollekort der det står opplysningar om rolla deira (namn, alder og så videre), og kva situasjonen er. Rollekorta er hemmelege for dei andre deltakarane. Når leiaren seier «start», begynner rollespelet, og deltakarane dramatiserer den rolla dei har fått. Viktig: Instruer deltakarane i å halde på med rollespelet heilt til du seier stopp.

Etter at ein har spelt ut situasjonen, har ein ein oppsummeringsrunde i gruppene der dei går gjennom ein og ein deltakar og diskuterer følgjande punkt: Korleis blei rolla di oppfatta av resten av gruppa? Korleis var det for deg å vere denne rolla, og kva tenkte du undervegs?

Viktige tips til leiaren

Når alle rollekorta er delte ut, gir du beskjed om at deltakarane skal sitje kvar for seg og lese igjennom rollekortet fleire gonger. Slik får dei tid til å tenkje igjennom korleis dei vil spele rolla og leggje til ting sjølve. Rollespelet begynner når du gir klarsignal.

Det er svært viktig at du seier ifrå at dei skal halde på rollene heilt til du seier stopp, og at du lèt spelet gå ei stund. Følg med på det som skjer, med eit vake auge. Det er viktig at gruppa opplever eit par daudpunkt før du stoppar spelet, for det er i desse daudpunkta at situasjonen og rollene kan utvikle seg.

Det er viktig at deltakarane får tildelt rollenamn, slik at dei ikkje bruker sine eigentlege namn. Rollenamna må på ein eller annan måte vere synlege for dei andre. For eksempel kan deltakarane skrive rollenamnet sitt på ein lapp som dei legg framfor seg.

Det å utforme rollekort kan verke litt vanskelegare enn det eigentleg er. Så lenge du hugsar på nokre grunnleggjande ting, er det overkommeleg å lage eigne rollekort:

  • Ha situasjonen (kven, kva, kor, kvifor, når) klart for deg.
  • Legg inn ein konflikt eller motstridande interesser, men finn ein god balanse mellom rollene. For mange usympatiske eller farlege roller er øydeleggjande for spelet.
  • Hemmelegheiter som dei forskjellige rollene har, og som kan avslørast etter kvart, er svært effektivt.
  • Ikkje røp for mykje til deltakarane på førehand. Viss mogleg skal dei ikkje vite kva temaet er ein gong. Slik blir erfaringa dei gjer seg i rollespelet, meir verknadsfull.

Ein kan òg organisere rollespelet slik at alle deltakarane får litt felles informasjon før ein begynner, om kven dei er, kvar dei er, og kva som er situasjonen. Så kan dei få litt tid til å tenkje gjennom si eiga rolle. Eventuelt kan litt informasjon vere felles, og noko skjult.

Ein kan òg ha ein observatør på kvar gruppe som får beskjed om å sjå etter bestemte ting: Kven dominerer situasjonen? Kven snakkar mest og minst? Oppstår det nokon daudpunkt? Og så vidare.

Dramateknikk 5: Improvisasjon

Improvisasjon vil kort sagt seie å finne på ting der og då, i augneblinken. Altså at ein gjennomfører eit spel der lite er førebudd, og der ein ikkje veit kva som kjem til å skje. Det betyr ikkje at ingenting er førebudd. For eksempel er rollespel ein slags improvisasjon, for sjølv om rollene og situasjonen er planlagde på førehand, så er det ikkje planlagt nøyaktig kva rollene skal seie, eller korleis dei skal reagere etter kvart som situasjonen utviklar seg. Det er opp til kvar enkelt deltakar der og då.

Utfordringar til deg


Oppgåver til "Ei oversikt over dei viktigaste dramateknikkane"
  1. Forklar frys- eller biletteater-teknikken. Prøv han gjerne ut saman med dei andre i klassen din.
  2. Forklar kva dramatisering er. Prøv gjerne å dramatisere saman med dei andre i klassen din.
  3. Forklar intervjuteknikken. Prøv gjerne ut denne teknikken saman med dei andre i klassen din.
  4. Forklar kva rollespel er. Spel gjerne rollespel saman med dei andre i klassen din.
  5. Lag nokre rollekort.
  6. Forklar kva improvisasjon er. Prøv gjerne å improvisere saman med dei andre i klassen din.
Oppgåver til filmen "Drama i barnehage"

Denne barnehagen satsar på drama og har ei stor teateroppsetjing kvart år.

  1. Kva må planleggjast for at ei så stor dramaoppsetjing skal fungere?
  2. Korleis kan ho planleggjast?
  3. Kva krev ei slik oppsetjing av dei vaksne i barnehagen?
  4. Kva for utbytte trur du barna har av å vere med på dette?
  5. Du ser ein gut som forstyrrar opplegget. Dei vaksne har tidlegare prøvd å få han til å delta utan å lykkast. På dette klippet får han difor beskjed om å vere saman med dei andre i rommet ved sida av. Han får ikkje delta på resten av øvinga. Diskuter denne avgjerda.

Relatert innhald

l 2002 kom det første Manifest mot mobbing. Vidareføringa heiter Partnerskap mot mobbing, og målet er at alle barn skal ha eit trygt miljø utan mobbing.

CC BY-SASkrive av Landslaget Drama i skolen (LDS) v/ Mette Nyheim , Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019

Læringsressursar

Drama