Fagstoff

Samandrag – konsekvensar av auka drivhuseffekt

Publisert: 04.05.2010, Oppdatert: 05.09.2018

 

Orangutang som poserer i et tre.Klimaet har stor innverknad på dyrelivet. Nokre artar, som orangutangen – "skogmannen" – er meir sårbare enn andre. 
  • Klimaet er ei framstilling av dei gjennomsnittlege vêrtilhøva ulike stader på jorda over lengre tidsrom.
  • Dei siste hundre åra har innhaldet av karbondioksid i atmosfæren auka.
  • Ein global temperaturauke fører til at havnivået stig, og isen på fastlandet kan smelte.
  • Nedhogging av tropisk regnskog kan føre til ein auke i drivhuseffekten fordi det då blir meir CO2 i atmosfæren.
  • Dei siste femti åra har vintertemperaturane i Arktis auka med 3–4 ºC, og det er meir enn gjennomsnittet for resten av jorda. Høgare temperatur i Arktis kan få permafrosten til å tine.
  • Av tiltak som i dag blir sette ut i livet for å redusere auken i drivhuseffekten, nemner vi særleg reduksjon av utsleppa, mindre energibruk og auka fotosyntese, mellom anna gjennom nyplanting av skog.