Oppgåve

Korleis er innhaldet av næringsstoff i gatekjøkkenmat?

Publisert: 09.03.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Tema som høyrer til "Gruppeoppgåver - Næringsstoff og helse".

Hamburgar. Foto.Hamburgar
Fotograf: Bon Appetit
 

 

Mange ungdommar et mykje gatekjøkkenmat

Kebab, hamburgarar, pølser og brus er daglegkost for mange.
Overvekt hos unge er no blitt eit problem også i Noreg. Kan det skyldast at unge et usunn kost?

Staten sitt råd

Staten sitt råd for ernæring og fysisk aktivitet meiner at minst 55-60 % av energien bør komme frå karbohydrat, maksimalt 30 % frå feitt og 10-15 % fra protein.
Til friske vaksne anbefalast det at inntaket av salt bør vere under 5 gram per dag. Inntaket hos barn bør vere mindre.

  • Sett opp nokre menyar dykk kunne tenke dykk å ete på eit gatekjøkken eller i ein kafé.
  • Bruk matvaretabellen eller gå inn på sidene til nokre kjente firma, og finn innhaldet av næringsstoff i desse menyane.
  • Kvorleis passer næringsinnhaldet med anbefalingane?

Forslag til nokre lenkjer:

  1. Velkommen til McDonald.info
  2. Burger King - næringsinnhold
  3. Matvaretabellen