Oppgåve: Forsøk

Forsøk: Utvasking av jordsmonnet

Publisert: 08.01.2010, Oppdatert: 12.09.2018

Hensikt

Fabrikk som sender ut røyk ved eit tjern i ein skog.Sur nedbør inneheld svovelsyre og/eller salpetersyre som er danna ved at svovel-dioksid og nitrogenoksid er oppløyst i luftas vassdamp.Med denne øvinga skal vi teste teorien om at sur nedbør kan auke utvaskinga av næringssalt frå jordsmonnet.

Teori

Modell av kolloide omgitt av ioner.Kolloid er negativt ladde jordpartiklar som iona av næringssalta binder seg til.Jordsmonnet inneheld fleire næringssalt som er nødvendig for planteveksten. Salta består av ion.
I jordsmonnet er dei positivt ladde iona bunde til negativt ladde kolloid (ørsmå jordpartiklar). Plantene tar til seg desse iona ved ionebyting.
Ved tilførsel av sur nedbør vil H+ iona frå syra binde seg sterkare til kolloida enn iona frå næringssalta. Iona frå næringssalta vil dermed lausne frå kolloida og fraktast med sigevatnet djupare ned i jorda, utanfor planterøtene si rekkevidd.

Utstyr og kjemikaliar

Forsøksoppsett der jordvannet drypper ned i begerglasset. Illustrasjon.Oppsett for forsøk med utvasking av næringsstoff frå jord.Stativ m/muffe og klemme. Plastrør, gasbind, tape, 1 stort begerglas, 3 små begerglas, 2 små e-kolbar, plastpipette, jord, fortynna løysningar av svovelsyre, jernnitrat Fe(NO3)3 og kaliumtiocyanat KSCN.

Problemstilling

For å teste denne teorien, kan vi gjere eit eksperiment kor vi tilfører jorda jernion og deretter vatnar med surt vatn.
Vi kan tilføre jernion til jordsmonnet ved å tilsetje ei løysning med jernnitrat og vaske ut det som ikkje er bunde til kolloida.
Deretter tilset vi syre og ser om det no vaskast ut meir jern frå jorda.
Jernion som vaskast ut av jordsmonnet kan lett påvisast med ei løysning av kaliumtiocyanat. Denne løysninga er fargelaus, men får ei kraftig raudbrun farge i kontakt med jernion.

Framgangsmåte

  1. Fest gasbindet over den nedre røråpninga og fyll i jord ca. 5-10 cm opp i røret. Fest røret i stativet med klemma.
  2. Blank væske som blir farga raud. Foto.Påvisning av jernioner i ei vassløysning påvisast lett ved tilsetting av kaliumtiocyanat. Det gir ein kraftig raudbrun farge. Tøm litt jernnitrat ned i det store begerglaset og tilsett eit par dråper KSCN-løysning. Observer farga. Dette er påvisningsreaksjonen for jernion.
  3. Sett eit stort begerglas under røret, tøm jernnitratløysninga ned i jorda og vask deretter med vatn. Test med eit par dråper KSCN i drensvatnet.
  4. Dersom testen er positiv må du vaske meir, tømme ut vaskevatnet og teste på nytt. Fortsett slik til testen på jernion i drensvatnet er negativ.
  5. Tilsett deretter svovelsyreløysninga til jordsøyla, vask med vatn og test på nytt. Kom det ut meir jern no?
Relatert innhald

Generelt