Hopp til innhald

Fagstoff

Å rapportere og dokumentere

Å rapportere er å gi opplysningar og informasjon vidare til andre. Ein rapport kan vere munnleg eller skriftleg eller begge delar.
Pleier skriver rapport på datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst mange ulike rapportsystem, og dei blir praktiserte ulikt. Derfor er det viktig at du set deg inn i korleis det blir gjort på arbeidsplassen din.

På dei fleste arbeidsplassane innan pleie- og omsorgssektoren har ein regelmessige møte der opplysningar og observasjonar blir dokumenterte og vidareformidla mellom kollegaene. Slike møte skjer oftast i vaktskiftet og blir kalla rapport.

Dersom til dømes ein brukar blir overflytta frå sjukehus til sjukeheim, er det nødvendig at dei tilsette får alle opplysningane om brukaren for å kunne gi god omsorg og pleie.

Å dokumentere er å vise, underbyggje eller grunngi. Dokumentasjon er ei lovpålagd plikt i pleie- og omsorgsarbeid.

Det vil seie at vi skal skrive ned det vi observerer og gjer.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr det å rapportere?
  2. Kva betyr det å dokumentere?
  3. Kva meiner vi med at dokumentasjon er ei lovpålagd plikt?
  4. I kva for lovverk kan du finne noko om dokumentasjon i helsesektoren?

Relatert innhald

Rapport er ei handling. Å rapportere vil her seie å formidle nødvendig informasjon om brukaren til kollegaer for å sikre at brukaren får best mogleg pleie.

CC BY-NC-SASkrive av Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneske