Det finst mange ulike rapportsystem, og dei blir praktiserte ulikt. Derfor er det viktig at du set deg inn i korleis det blir gjort på arbeidsplassen din.
På dei fleste arbeidsplassane innan pleie- og omsorgssektoren har ein regelmessige møte der opplysningar og observasjonar blir dokumenterte og vidareformidla mellom kollegaene. Slike møte skjer oftast i vaktskiftet og blir kalla rapport.
Dersom til dømes ein brukar blir overflytta frå sjukehus til sjukeheim, er det nødvendig at dei tilsette får alle opplysningane om brukaren for å kunne gi god omsorg og pleie.
Å dokumentere er å vise, underbyggje eller grunngi. Dokumentasjon er ei lovpålagd plikt i pleie- og omsorgsarbeid.
Det vil seie at vi skal skrive ned det vi observerer og gjer.
Utfordringar til deg
- Kva betyr det å rapportere?
- Kva betyr det å dokumentere?
- Kva meiner vi med at dokumentasjon er ei lovpålagd plikt?
- I kva for lovverk kan du finne noko om dokumentasjon i helsesektoren?
Relatert innhald
Nettside hos lovdata.no