Hopp til innhald

Fagstoff

Utfordringar når du skal på tur

Kva gjer vi med barn som ikkje vil på tur? Det finst vel ikkje noko fasitsvar, men det er i slike situasjonar vi må prøve å sjå løysinga og ikkje problemet. Å jobbe med motivasjon, skape interesse og lyst til å delta er ein viktig faktor for å lykkast.
Mann som prøver å kle på mange barn for å gå ut. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Glede og mestring

Skal du lykkast i dette arbeidet, er det viktig at ikkje noko skjer med tvang. Det vil seie at du lagar eit opplegg ut frå dei føresetnadene de har. Eitt eksempel kan vere: Kva er barnet flink til? Sykle, gå på ski eller spele ball? Då kan det vere lurt å dra på ein sykkeltur eller ein skitur for å skape glede og meistring. Eller leggje opp til litt ballspel når de er på tur.

Du kan også leggje opp til at barnet ikkje er med på heile turen. Då er det viktig at barnet får mykje merksemd på den delen av turen det er med på. Du må skape positive situasjonar der barnet får mykje ros. Barnet bør få lov til å vise ferdigheiter overfor dei andre som kan gi sjølvtillit. Meistrar barnet litt, kan det fort få lyst til å meistre meir. Små steg om gongen er hovudregelen.

Utstyr

Nokre gonger hender det at barn ikkje har det utstyret som er nødvendig for å vere med på tur. Har du planlagt turen godt, bør ikkje dette komme som ei overrasking sjølve turdagen. Då hadde kanskje barnehagen, skulen eller den foreininga du jobbar i, hatt høve til å skaffe det ekstra utstyret som trengst for at turen skal bli vellykka for alle.

Det kan vere mange årsaker til at nokon manglar utstyre. Som oftast har dette med ressursar å gjere. Alle har ikkje like god råd. Dette gjeld både familiar, barnehagar, skular og foreiningar. Ein måte å løyse det på kan vere at familiane til barna får beskjed om å gi eit oversyn over kva dei har av turutstyr som kan disponerast. Du får då ein utstyrsbank og veit kven som har kva. Då blir det lettare å planleggje og gi beskjed om kven som tek med seg kva.

Etter kvart som barna blir eldre, ser ein tydelegare forskjellane på dei når det gjeld kva erfaringar dei har med å ferdast ute i naturen, og kva for ferdigheiter dei har i ulike aktivitetar. Som profesjonell yrkesutøvar bør du klare å leggje opp til aktivitetar som både tek vare på dei som er svært flinke i ein aktivitet (til dømes skigåing), og dei som meistrar det dårleg. Det er viktig at begge gruppene opplever glede og meistring.

I nokre samanhengar kan det vere aktuelt å diskutere kva som eigentleg er nødvendig av utstyr og klede. Det er viktig å få fram at det ikkje er merke og pris som avgjer om barnet har godt nok utstyr til å delta på turen.

Utfordringar til deg

  1. Kva trur du er meint med utsegna «Når barn ikkje vil på tur, må ein prøve å sjå løysinga og ikkje problemet»?
  2. Korleis kan du planleggje ein tur som tek utgangspunkt i det eit barn er flink til?
  3. Enkelte gonger kan årsaka til at barn ikkje vil på tur, vere at barnet manglar utstyr. Kva kan og bør du gjere i slike tilfelle?
  4. Finn ut kva barnehagar og skular i nærmiljøet ditt gjer dersom barn eller unge ikkje vil vere med på tur.
  5. Diskuter korleis ein kan unngå motepress når det gjeld turutstyr.
  6. Diskuter turar de har vore på. Har alle vore med? Kva er årsaka til at alle har vore med, eller at nokon ikkje har vore med?
  7. Korleis kan foreldra vere gode samarbeidspartnarar når barn ikkje vil på tur?
  8. Gi eksempel på korleis du kan leggje til rette for ein tur for barn med ulike føresetnader.
CC BY-NC-SASkrive av Kjell Heggelund.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2018

Læringsressursar

Friluftsliv med barn