Hopp til innhald

Fagstoff

Tryggleik på tur

Som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du set deg inn i regelverket der du jobbar. Det gjeld anten det er i barnehage, på skule, på fritidsklubb eller i ei foreining.

Kven har ansvaret?

I regelverket skal det stå kven som er ansvarleg når de er på tur. Som regel er arrangøren ansvarleg. Det vil seie at dersom barnehagen er ute på tur med barna, så har barnehagen det fulle ansvaret for at alt blir gjennomført forskriftsmessig og ikkje set noko barn i fare. Alle ansvarlege må vere kompetente. Det vil seie at dei må vere trygge på kva dei gjer. Manglar ein kompetanse på eitt eller fleire felt, bør ein gå på kurs for å skaffe seg dei ferdigheitene som trengst.

Likevel kan det hende at eit barn skader seg på tur. Då er det viktig at ein har med førstehjelpsutstyr. Som oftast er det kuttskadar og mindre sår som kan behandlast enkelt. Skjer det noko meir alvorleg, skal ein kontakte lege med ein gong. Ein bør ha øvd inn rutinar for korleis ein skal gjere dette.

Enkle rutinar dersom uhellet er ute

  • Dersom barnet er medvitslaust: Sørg for frie luftvegar og legg barnet stabilt på sida.
  • Dersom barnet har andenaud eller er kortpusta: Løys opp stramme plagg, sett barnet halvvegs opp.
  • Ved sirkulasjonsvikt: Stans store blødingar, legg barnet stabilt på sida og hald det varmt.
  • Dersom barnet er livlaust: Start gjenoppliving og hjarte- og lungeredning. NB: Hjartestans hos barn er alvorleg. Årsaka kan vere at barnet har sett fast noko i halsen, eller at det har drukna.
  • Ved større blødingar: Trykk direkte på såret med ein enkeltmannspakke eller gasbind. Hev skadestaden høgare enn hjartet. Bandasjer.
  • Ved bein- og armbrot: Stabiliser, spjelk om nødvendig.
  • Ved brannskade: Kjøl ned skadestaden raskt. Ikkje fjern tøy som er fast i brannsåret. Pass på at bandasjen er rein.
  • Ved nedkjøling: Fjern våte klede med ein gong. Tørre klede er viktig, eventuelt kroppsvarme frå ein annan. Varm mat og drikke hjelper mykje.

I alle skadetilfella er det viktig at dei ansvarlege er rolege. Unngå panikk. Prøv å skape ein trygg atmosfære samtidig som ein gjer dei tiltaka som er nødvendige.

Utfordringar til deg

  1. Kva må du finne ut før du dreg på tur med barn og unge?
  2. Kven har ansvaret for barna når dei er på tur?
  3. Diskuter kva de bør ha med av førstehjelpsutstyr. Pakk eit førstehjelpsskrin for tur. Samanlikn og gi kvarandre tilbakemeldingar på førstehjelpsskrina de har pakka.
  4. Kvifor er det viktig å ha med mobiltelefon?
  5. Kva for telefonnummer bør du ha på telefonen din?
  6. Kvifor er det viktig å unngå panikk dersom det skjer ulykker på turen?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Kjell Heggelund, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2018

Læringsressursar

Friluftsliv med barn