Oppgåve

Kvardagsheltar i media

Publisert: 14.02.2010, Oppdatert: 03.03.2017
VG-helterVG-helter
Opphavsmann: VG

Oppgåve 1

Kva er ein kvardagshelt?

Våren og sommaren 2009 hadde VG ein stor kampanje for å kåre den store norske helten.

I løpet av sommaren lanserte avisa det dei kallar "23 vaske- ekte norske heltar" innan gruppene «Eldsjela», «Rednings- dåden» og «Barne- og ungdomshelten». Tre vinnarar blei kåra.

Les artikkelen og svar på spørsmåla:

  • Korleis grunngir juryen vala sine?
  • Kva synest du om dei heltane som blei valde?
  • Kva skil desse kvardagsheltane frå andre "medieheltar"?
  • Kvifor er historier om kvardagsheltar godt stoff i media?


Oppgåve 2

Skriv om ein helt!

Alle kjenner vi ein helt. Kven er din helt? Han som redda deg frå å drukne, ho som donerte ei nyre eller naboen som har vigd livet sitt til å hjelpe andre?

Skriv ein tekst (dikt, forteljing, avisreportasje osv.) om ein person som ingen ser, men som er ein helt for deg.