Oppgåve

Kva slags heltar vil jentene ha?

Publisert: 21.02.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Oppgåve 1

Kvinnelege heltar

Ressursar

Nettartikkel:
Jenter må få redde verda

Blogginnlegg:
Kvar er alle jentene?

Nettdebatt:
Diskusjon i Kvinneguiden

Nettsider om Lara Croft:
Wikipedia-artikkel

(dansk, engelsk)

Biografi
(engelskspråkleg side om Lara Crofts bakgrunn og person)

Les nettartikkelen "Jenter må få redde verda". Her blir det nemnt ei rekkje heltinner, både historiske personar og karakterar frå ulike typar litteratur.

  1. Finst nokre av favoritt-heltinnene dine i utvalet?
  2. Er det namn du saknar på denne lista?
  3. Skriv ein kort tekst om tre heltinner du har sansen for. Teksten skal ha fem avsnitt:
    • ei innleiing
    • tre avsnitt der du presenterer dei tre heltinnene og fortel kva som gjer dei til heltinner
    • ei avslutning

Oppgåve 2

Kvinnebiletet i teikneseriane

Les bloggartikkelen "Kvar er alle jentene?" og jobb med spørsmåla nedanfor. Hugs å grunngi svara dine!

  1. Er det likegyldig kva slags kjønn helten i ei forteljing har?
  2. Dersom det berre fanst teikneseriar med kvinnelege heltar, ville gutane da ha lese teikneseriar?
  3. Forfattaren av blogginnlegget listar opp ei rekkje roller som kvinner gjerne blir tildelte i teikneseriar. Nemn nokre av dei. Kva er felles for desse rollene?
  4. Kjenner du nokre teikneseriar der helten er ei kvinne? Kva slags eigenskapar har desse heltinnene?

Bilde av lara croftLara Croft
Opphavsmann: Ukjent
 

Oppgåve 3

Lara Croft som rollemodell

Bruk dei oppgitte kjeldene om Lara Croft eller andre kjelder du finn på nettet, og løys oppgåva:

  1. Kven har skapt karakteren Lara Croft?
  2. Det har blitt laga to filmar om Lara Croft. Kven var det som spelte Lara Croft i desse filmane?
  3. Lara Croft dukkar også opp i andre medium. Kva for nokre?
  4. Korleis ser Lara Croft ut?
  5. Kva slags eigenskapar har ho?
  6. Fungerer ho som ein god rollemodell for jenter? Finn argument for og imot.

Oppgåve 4

Nettdebattar

Les kva jentene diskuterer i diskusjonsforumet på nettstaden
Kvinneguiden.

  1. Kva for heltar blir trekte fram i denne debatten?
  2. Korleis skil forma på denne nettdebatten seg frå debattar på tv eller i aviser?
  3. Kven er med i diskusjonen?
  4. Kva for språklege og grafiske verkemiddel bruker debattantane?
  5. Trur du at jenter flest deler synspunkta som kjem fram i denne debatten?