Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeid med kulturar og religionar

Barne- og ungdomsarbeidarar skal leggje vekt på å gi barna forståing for andre kulturar og tradisjonar. Vi skal byggje opp respekten for menneskeverdet og støtte opp om retten til å vere ulike.
Ei gruppe barn ute. To barn leiker stein, saks, papir mens to andre barn ser på i bakgrunnen. Alle smiler. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inkludering

Barnehagen er ein viktig arena for inkludering. Gjennom leiken lærer barna seg å kommunisere med kvarandre på tvers av kulturbarrierane. Dei lærer å ta omsyn til kvarandre, dei lærer å dele, vente på tur, samarbeide og kome fram til kompromiss. Å vere i lag med barn som har ein annan hudfarge, ein annan religion og eit anna språk, blir noko alminneleg og naturleg. Det kan førebyggje framandfrykt, mobbing og rasisme seinare i livet.

Barne- og ungdomsarbeidarar skal leggje vekt på å gi barna forståing for andre kulturar og tradisjonar. Vi skal byggje opp respekten for menneskeverdet og støtte opp om retten til å vere ulike.

Identitet

Barn treng å finne noko å kjenne seg igjen i og noko som kan stadfeste deira eigen identitet i barnehagen og skulen. Difor er det viktig å vise fram trekk ved det som er særeige for kvart barn, og gjere synleg at det som er ulikt, er verdifullt. Det kan vi til dømes gjere ved å markere ein høgtidsdag som står for noko spesielt i religionen som barnet høyrer til, eller spele på andre element.

Ein barnehage som har barn frå fleire kulturar, er rik på ressursar. Her har vi som barne- og ungdomsarbeidarar verkeleg mykje å spele på for å utvide horisonten til barna og leggje grunnlaget for forståing og toleranse. Det inneber ikkje at vi skal leggje dei norske tradisjonane til side, for kulturforståing tek til med eigen kulturarv. Men vi kan leggje noko til.

Rammeplanen

I rammeplanen for barnehagar (2017) står det mellom anna dette om mangfald og gjensidig respekt:

Barnehagen skal fremje respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt. Barna skal få oppleve at det finst mange måtar å tenkje, handle og leve på.

Barnehagen skal by på varierte impulsar, opplevingar og erfaringar og omfatte lokale, nasjonale og internasjonale perspektiv.

Barnehagen skal bruke mangfald som ein ressurs i det pedagogiske arbeidet og støtte, styrkje og følgje opp barna ut frå dei kulturelle og individuelle føresetnadene.

Dette er sjølvsagt verdiar som òg gjeld for større barn, både i og utanfor skulen.

Ulike tema med moglegheit for å nytte mangfald som ein ressurs:

  • høgtider
  • nasjonaldagar og merkedagar
  • årstider
  • mat og kosthald
  • klesdrakter
  • musikk
  • språk
  • karneval
  • litteratur
  • familie

Utfordringar til deg

  1. På kva måtar er barnehagen og skulen viktige arenaer for inkludering?
  2. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar nytte leiken som ein del av arbeidet med å inkludere alle i barnegruppa?
  3. Kvifor er leik eit godt utgangspunkt for dette arbeidet?
  4. Korleis kan du som rollemodell arbeide for at barna får bekrefta identiteten sin i barnehagen? Kvifor er det viktig?

Kjelde

Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Utdanningsdirektoratet. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og Einar Gjærevold.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Mangfald og respekt