Oppgåve

Som dend Gyldne Sool frembryder

Publisert: 01.02.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Soloppgang over fjellheimen. Måleri.Høgfjell i soloppgang, måla av Hans Gude i 1854. 

Ikon for individuelt arbeid. Illustrasjon.  

Kjelder 

 

  

Analyseoppgåve

Tekst: Salmen «Som dend Gyldne Sool frembryder» (1. strofe)


  1. Les fagteksten «Salmelitteraturen i barokken» og gjer kort greie for innhaldet i salmen «Som dend Gyldne Sool frembryder».
  2. Sjå nærmare på den første strofa (teksten finn du nedst på sida). Kva for eit bilete bruker Kingo for å beskrive Jesu oppstode frå dei døde?
  3. I denne diktstrofa bruker Kingo mange kontrastar. Finn kontrastane og forklar korleis dei forsterkar bodskapen.
  4. Samanlikn stavemåten i dei to tekstane:
    • På 1600-talet skreiv dei dobbel vokal for å markere at vokalen var lang. I tillegg fekk substantiva stor forbokstav. Leit i teksten etter eksempel på desse to stavemåtane.
    • Korleis markerer ein lang vokal i moderne dansk?
    • Kva med substantiva? Har dei framleis stor førebokstav?
    • Kva for vokal har fått eit heilt nytt bokstavteikn i moderne dansk (og norsk)?

Les strofa i originalversjon

SOm dend Gyldne Sool frembryder
Giennem dend kulsorte Sky,
Og sin straale-Glands udskyder,
Saa at Mørk og Molm maa fly,
Saa min JEsus aff sin Grav,
Og det dybe Dødsens Hav
Opstood ærefuld aff Døde,
Imod Paaske Morgen-røde.

skjul

 

Les strofa på moderne dansk

Som den gyldne sol frembryder
gennem den kulsorte sky
og sin stråleglans udskyder,
så at mørk' og mulm må fly,
så min Jesus af sin grav
og det dybe dødsens hav
opstod ærefuld af døde
imod påske-morgenrøde!

skjul