Fagstoff

Barokken

Publisert: 01.02.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Ludvig XIV. Foto.Ludvig XIV   

Fagstoff og oppgåver

I dette kapitlet skal du arbeide med tekstar frå 1600- talet. Denne perioden kallar vi også for barokken.

Tidslinja gir deg ei oversikt over samfunnsforhold, åndsretningar, litteratur og språk i denne perioden. Oppsummeringsoppgåver til periodeoversikta finn du i høgrefeltet på denne sida. I tillegg finn du oppgåver til ulike verk frå perioden utover i kapitlet.

Bøkene i Tidslinja

Språk- og litteraturhistorisk tidslinje finn du omtalar av desse verka frå perioden:

  • Nordlands Trompet
  • Sjælens Sang-Offer
  • Kingos Salmebok
  • Flora Danica
  • Den norske Dictionarium eller Glosebok

Meir om bøkene

Nordlands Trompet, Sjælens Sang-Offer og Kingos salmebok er skjønnlitterære verk.

Flora Danica og Den norske Dictionarium er to ek-
sempel på sakprosa frå 1600-talet. Formålet med
begge verka er å formidle systematisk innsamla kunn-
skap. Denne typen sakprosa får vi mykje meir av på
1700-talet.

skjul

 

Kunst som teikn på makt

  • Eit typisk kjenneteikn på barokk kunst er trongen til overdådig utsmykking.
  • På fotografiet ovanfor ser vi eit godt eksempel. Bildet viser eit relieff av kong Ludvig den fjortande av Frankrike (1638–1715), der han sit til hest og triumferer over fiendane sine.
  • Relieffet heng i Versailles, praktslottet som kong Ludvig fekk bygd utanfor Paris.
  • Både kyrkja og verdslige herskarar på den tida brukte arkitektur og kunst til å synleggjere makt. Praktfulle kyrkjebygg skulle vise Guds stordom, praktfulle palass skulle spegle den høge sosiale stillinga til eigaren og inngi respekt.