Hopp til innhald

Fagstoff

Komplikasjonar ved immobilitet

Å vere immobil vil seie at ein har avgrensa evne eller høve til fysisk aktivitet. Komplikasjonar ved immobilitet blir òg kalla komplikasjonar ved sengeleie. Den nemninga er ikkje dekkjande, sidan det ikkje berre er pasientar som ligg til sengs, som kan få komplikasjonar.
To helsefagarbeidere står på hver sin side av en sengeliggende pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Helsefagarbeidaren har eit særskilt ansvar for å førebyggje eventuelle komplikasjonar ved immobilitet, sidan det gjerne er helsefagarbeidaren som hjelper pasientane i praktiske pleiesituasjonar. Ein del av jobben er å vurdere om pasienten er i risikogruppa for å få komplikasjonar knytte til immobilitet. Er pasienten i risikogruppa, må det setjast inn førebyggjande tiltak.

Risikogrupper

Enkelte grupper av menneske er meir utsette for komplikasjonar knytte til immobilitet enn andre.

Eldre

Eldre har ofte nedsett motstandskraft mot sjukdom. Det kan kome av at dei har kroniske lidingar og sjukdommar, at dei et og drikk lite, og at dei er lite i aktivitet. Dei naturlege aldersforandringane medverkar òg til at eldre menneske har svekte organsystem.

Personar med nedsett allmenntilstand

Menneske som har nedsett allmenntilstand på grunn av sjukdom, vil ofte ete og drikke mindre og vere mindre fysisk aktive.

Medvitslause og pasientar med lammingar

Desse pasientane har nedsett evne til å røre seg, og dei kjenner ikkje om dei er nomne eller har smerter. Dei vil då ikkje kjenne til dømes om sår er under utvikling.

Overvektige

Overvekta vil gi problem med å vere fysisk aktiv. Alle organsystema blir påverka av overvekt. Til dømes vil overvektige kvile tungt mot underlaget og derfor vere utsette for trykksår.

Undervektige og magre

Undervektige manglar den polstringa som feittvevet gir. Derfor vil dei til dømes bli meir utsette for trykksår. Undervektige personar har gjerne òg nedsett immunforsvar.

Opererte pasientar

I dagane etter operasjon er pasientane ofte immobile på grunn av smerter. I tillegg et og drikk dei lite, og dei er i eit miljø med mikroorganismar som ikkje finst i heimemiljøet.

Komplikasjonar som kan oppstå

  • trykksår (decubitus)
  • urinvegsinfeksjon (cystitt)
  • forstopping (obstipasjon)
  • blodpropp (trombose)
  • lungebetennelse (pneumoni)
  • nyrestein (urolithiasis)
  • svekking av musklar og skjelett
  • feilstillingar i ledd (kontrakturar)
  • psykiske forandringar

Organsystema i kroppen fungerer best når vi har god balanse mellom aktivitet og kvile. Dersom vi av ein eller annan grunn blir mindre aktive, skaper dette forstyrringar i dei ulike organsystema.

Konsekvensar

Komplikasjonar knytte til immobilitet gjer at pasientar lir, og det kan òg føre til at pasientar døyr. I tillegg kan dette gi store samfunnsøkonomiske konsekvensar i form av institusjonsopphald, økt pleiebehov, legemiddelbruk og undersøkingar.

Med god kunnskap om førebygging kan helsefagarbeidaren medverke til at sjukepleia blir betre, at pasientane lir mindre, og at samfunnet unngår å måtte bruke millionar av kroner til behandling.

Generelle tiltak

Observere og rapportere

Det er svært viktig å vurdere om pasienten er i ei av risikogruppene for komplikasjonar ved immobilitet. Dersom pasienten er i ei risikogruppe, bør det setjast opp ein plan med førebyggjande tiltak. Helsepersonellet skal observere om tiltaka verkar førebyggjande, eller om pasienten utviklar symptom på nokre av komplikasjonane.

Informere pasienten

Dersom pasienten er mottakeleg for informasjon, skal helsepersonellet forklare pasienten om dei komplikasjonane som kan oppstå ved immobilitet, og informere pasienten om kva han eller ho sjølv kan gjere for å unngå slike komplikasjonar. Det er viktig å samarbeide med pasienten.

Bruke ressursane til pasienten

Alle pasientar har ressursar i ei eller anna form. Til dømes kan ein medvitslaus pasient ha pårørande som kan vere ein ressurs ved at dei hjelper til med å røre på armane og beina til pasienten. Det er viktig at pasientar som sjølve kan hjelpe til i stell og påkleding, gjer det dei klarer sjølve.

Aktivitet

Sidan komplikasjonar ved immobilitet i hovudsak kjem av lite aktivitet, er aktivitet det viktigaste førebyggjande tiltaket. I tillegg til å verke førebyggjande er aktivitet òg viktig i behandlinga av eventuelle oppståtte komplikasjonar.

All aktivitet er betre enn ingen aktivitet. Å skifte stilling i senga, å røre på oklene eller å sitje oppreist i ein stol er aktivitetar som utgjer enkle tiltak for å førebyggje komplikasjonar. Det er viktig å nytte dei høva for aktivitet som situasjonar i dagleglivet gir. Ein fysioterapeut og ein ergoterapeut kan vere viktige støttespelarar i det å aktivisere immobile pasientar.

God ernæring

Rikeleg drikke (30 milliliter per kilo kroppsvekt per døgn) og eit sunt, næringsrikt kosthald kan medverke til å førebyggje og lækje eventuelle komplikasjonar ved immobilitet. Det er viktig at pasienten har frisk drikke tilgjengeleg, og at det blir lagt til rette for ein god situasjon rundt måltidet.

Ein ernæringsfysiolog kan kome med gode kosthaldsråd. Dersom denne yrkesgruppa ikkje er tilgjengeleg, må helsefagarbeidaren ta i bruk sin eigen fagkunnskap. Sjukepleiarar kan òg vere støttespelarar i ernæringsspørsmål.

Hjelpemiddel

Det finst eit utal hjelpemiddel som kan nyttast for å førebyggje komplikasjonar ved immobilitet. Ein ergoterapeut kan hjelpe til med å velje hjelpemiddel.

Fagpersonar

Eit tverrfagleg samarbeid kan ha mykje å seie for å førebyggje komplikasjonar ved immobilitet. Yrkesgrupper innan pleie- og omsorgssektoren har ulik kompetanse, og når vi tek i bruk all denne kompetansen, får pasienten eit godt førebyggjande behandlingsopplegg.

Utfordringar til deg

  1. Kva er hovudårsaka til komplikasjonar ved inaktivitet?

  2. Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar har kompetanse om førebygging av komplikasjonar ved inaktivitet?

  3. Kva hjelpemiddel for å førebyggje immobilitetskomplikasjonar kjenner du til?

Relatert innhald

Tverrfagleg samarbeid er når fleire yrkesgrupper med ulik kompetanse arbeider saman for å ta vare på dei heilskaplege behova til ein pasient eller brukar.

Som helsefagarbeidar er det viktig at du kjenner til dei vanlegaste hjelpemidla og korleis brukaren skal gå fram for å søke om hjelpemiddel.

CC BY-NC-SASkrive av Wenche Heir, Birgit Flaten og Marit Smith Sørhøy. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.10.2021

Læringsressursar

Immobilitet og komplikasjonar