Hopp til innhald

Fagstoff

Friluftsliv og lovverket

Allemannsretten fortel oss kva vi har lov til og ikkje lov til ved ferdsel i skog og mark, gå tur i fjellet og ferdast på vatn og vassdrag. Tidlegare var naturen ein nødvendig ressurs for folk flest, for allmenta: tømmer til hus, ved til brensel, ferskvatn til drikke, vilt, fisk og bær til mat. I dag er desse rettane lovfesta i den offentlege friluftsloven. Han . Som ansvarleg er det viktig å kjenne til denne loven når du har med deg barn og unge på tur.
Landskap med blå himmel, hav, fjære og et hus i det fjerne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kort utdrag over kva du har lov til:

  • Å ferdast til fots og på sykkel i utmark heile året,
  • å ferdast over dyrkamark vinterstid (snødekt eller frosen) frå 14. oktober til 30. april,
  • å bruke kano, kajakk, robåt eller seglbåt på vatn og vassdrag,
  • å raste, slå leir og overnatte i naturen,
  • å telte inntil to døgn på eigedommen til grunneigar,
  • å plukke ville blomstrar og sopp som ifølge andre vedtak ikkje er freda,
  • å tenne bål, men ikkje i tida frå 15. april til 15. september (NB: Du kan søkje lensmannen om unntak),
  • å bade i vatn og sjø.

Dette betyr at du ikkje skal trakke over dyrkamark og eng. Du skal unngå ferdsel over beite og i plantefelt. Du skal heller ikkje bryte friske greiner av tre. I tillegg skal du rydde rasteplass og leirplass etter deg og ta med alt søppelet. Her er det viktig at arrangørane har med søppelposar. Ta gjerne med søpla tilbake til barnehage eller skule for sortering. Det er mest miljøvennleg.

Utfordringar til deg

  1. Kvar er retten vår til å ferdast i skog og mark, på fjellet og på vatn og vassdrag lovfesta?
  2. Kva fortel friluftsloven deg?
  3. Lag ein kollasj som viser kva du har lov til å gjere i naturen.
  4. Korleis skal du oppføre deg i naturen?
  5. Gjer deg kjent med lenkjene på denne sida. Diskuter korleis du bør bruke denne kunnskapen i arbeidet ditt som barne- og ungdomsarbeidar.
  6. Dramatiser nokre av områda du finn inne på lenkjene, og framfør for klassen din.

Relatert innhald

Fjellvettreglane er ei god rettleiing når ein ferdast på korte eller lange turar i fjellet. Reglane blei laga i 1950 og reviderte i 2016 av Raudekrossen og DNT.

CC BY-SASkrive av Kjell Heggelund, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 17.09.2018

Læringsressursar

Friluftsliv med barn