Fagstoff

Lærling Wenche sin dag i barnehagen

Publisert: 16.02.2011, Oppdatert: 03.03.2017
Wenche Bankhaug Michelsen

Her møter du Wenche som fortel om korleis ein vanleg arbeidsdag som lærling i barnehagen var. Rutinene vil kunne variere frå barnehage til barnehage. Wenche jobba i ein barnehage med omtrent 65 barn fordelt på 4 forskjellige avdelingar.

 

Nokre av barna spring imot meg med opne armar, så glade for å sjå meg. Det gir meg ei god kjensle av å vere velkommen på jobb.

 

jente i barnehagen. foto.I barnehagen  

 

 

I barnehagen  er det mange gode fang å sitje på, det gir tryggleik.

 


Modelleire

2 dl salt
2ss Alun (er å få kjøpt på alle apotek)
Ca 4 dl kveitemjøl
5 dl kokande vatn
2 ss olje
konditorfarge (treng mykje for å gi god farge)
Bland det tørre, tilset det blaute og bland godt med hendene i ein stor bolle. Modelleira held seg ei stund på lukka boks, men tørkar fort dersom ho blir liggjande framme.

Når du arbeider i ein barnehage er det stor sjanse for at du går ulike vakter. Her har eg skildra dei ulike vaktene vi hadde, og kva for arbeidsoppgåver som høyrte til dei ulike vaktene:

Barnehagedagen
I dag har eg 08.00 – 15.30-vakt, og når eg kjem er det allereie full fart på småbarnsavdelinga. Barna leiker saman, nokre legg puslespel, andre syng saman med dei vaksne, og nokre sit ved frukostbordet med kvar sin matboks. Stemninga er god, og dei smiler og helsar på meg når eg kjem inn. Slik er det ikkje kvar dag. Enkelte dagar kan barna vere midt i ein krangel, eller dei kan vere lei seg. Då fristar eg meg som meklar. Som meklar treng eg sosial kompetanse, empati og kunnskapar om konfliktløysing.

Enkelte av barna gret når mor og far dreg. I slike tilfelle følgjer eg barnet til døra eller eit vindauge, slik at det kan vinke og seie ordentleg ha det til foreldra sine. Vi forklarer barna at mor eller far kjem og hentar dei seinare, og vi ser om det er noko artig vi kan gjere for ikkje å fokusere så mykje på åtskiljinga.

Frukost

Eg tek over ansvaret ved frukostbordet når eg kjem. Eg sit saman med barna og hjelper dei slik at dei får ete maten sin. Etter kvart som det kjem nye barn oppfordrar eg dei til å setje seg ned og ete frukost saman med oss. Barna får servert mjølk, vatn eller har med seg eige drikke.

Påkledning
Når vi skal ut må vi kle på, og mange av barna treng hjelp med påkledninga. Den tilsette som går 08.30-vakt har ansvar for opprydding etter frukosten. Ho eller han tek av bordet, vaskar bord og benkar, samt set inn og på oppvaskmaskina. Det vil seie at eg kan gå ut med barna.

 

Leiken til barna
Det er herleg å leike med barna i all slags vêr, og eg er med på å auke gleda barna har over å vere ute sjølv om det er litt dårleg vêr, for det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede!

Ikkje alle barna vil ut kvar dag. Nokre gonger seier vi at alle må ut, mens andre gonger let vi det vere valfritt. Alle barna må ut ein gong per dag dersom vêret tillet det. Når nokre av barna vel å vere inne må også nokre av dei vaksne bli inne. Dei som er inne kan for eksempel halde på med ein kreativ bordaktivitet, som til dømes å lage modelleire, måle, teikne, rekne med tal, lage pynt eller liknande.

Samlingsstund
Før lunsj kl 10.30 er det samlingsstund. Når eg har ansvaret for denne har ein annan vaksen på avdelinga ansvar for dekking av bord og set fram mat. Det varierer frå dag til dag kven som er ansvarlege for dei forskjellige områda, dette blir dokumentert på ein plan.

Føremiddagsmat
Om lag 10.30 er det mat. I dag er det brødskiver med forskjellig pålegg, men ofte er det annan mat på menyen.

 

Bleieskift og soving
Etter lunsjen steller vi barna og gjer dei klare for å sove litt.

 

Fruktmåltid
Klokka 14.00 har vi fruktmåltid.

Meir leik
Etter dette måltidet har vi vanlegvis ei økt med leik ute.

Hentetid
Barna blir henta til forskjellige tider, frå klokka 14.00 og utover, men dette varierer sjølvsagt litt kvar dag.

 

Mi erfaring
Dette er ein vanleg dag for meg i barnehagen eg arbeider i, det er mykje kjærleik, omtanke, læring, leik og kreativitet som pregar dagane. Ikkje alle barnehagar gjer det likt. Nokre legg vekt på visse område, som for eksempel musikk, fargar, former eller liknande.

Ingen dag er lik når du arbeider som barne- og ungdomsarbeidar. Du skal planleggje aktivitetane og dagen slik at han blir best mogleg, men i jobb med menneske må du alltid kunne ta ting på sparket, vere fleksibel og tenkje på det beste for enkeltbarnet og gruppa i staden for absolutt å skulle gjennomføre din plan.

I barnehagen har vi ofte kontakt med foreldra, og dei vil gjerne høyre kva som har skjedd i løpet av barnehagedagen for deira barn. Då er det nyttig å ha gode dokumentasjonsverkty.