Fagstoff

Englar og demonar

Publisert: 08.02.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Demonar og uhyre

Til venstre ser du eit koparstikk av den tyske kunstnaren Martin Schongauer, som levde på 1400-talet.

Stikket viser korleis djevelen sine demonar og uhyre piner den katolske helgenen Antonius.

I dag vil vi nok tolke biletet i overført tyding, som eit uttrykk for indre kvalar, men menneska i mellomalderen såg på demonar og onde ånder som heilt konkrete vesen.

 

Bilde som viser den hellige Antonius som blir plaget av djevelens demonerKjelde:
Opphavsmann: Martin Schongauer

Vitskapens århundre

1800- og 1900-talet var vitskapens århundre i Noreg. I denne perioden fekk naturvitskapen etter kvart status som den eine gyldige forklaringsmodellen for alt menneske kunne oppleve eller observere.

Vitskaplege årsaksforklaringar

Naturkatastrofar som solmørkingar, jordskjelv og vulkanutbrott blei ikkje lenger sett på som Guds straff, men kunne forklarast ut frå fysiske lover. Sjukdommar og epidemiar var ikkje lenger noko hekser og onde ånder hadde skylda for, for no visste ein at dei var forårsaka av virus og basillar. Fysiske plager kunne kurerast med medisinar som blei framstilte i kjemiske fabrikker. Tussar og troll forsvann som røyk for sola da elektriske lys blei tende i by og bygd i første halvdel av 1900-talet.

Menneskesinnet som objekt for vitskapen

Vitskapen om menneskesinnet, psykologien, vaks fram på slutten av 1800-talet. Mens ein tidlegare hadde trudd at menneske med psykiske lidingar var besette av onde ånder, blei forklaringa no at slike lidingar kom av ein vanskeleg oppvekst eller av genetisk arv. Magiske og religiøse ritual blei erstatta med medisinering, terapi og i nokre tilfelle med fysiske inngrep i hjernen.

Frå vitskap til magi - på ny?

Ved inngangen til 2000-talet rår vitskapen over ei enorm kunnskapsmengd. Genteknologien er i ferd med å avsløre framtidsutsiktene våre ned til minste detalj. Derfor synest mange at det er svært underleg at dei vitskaplege forklaringsmodellane ikkje lenger rår grunnen aleine i Noreg på 2000-talet.

Ulike former for nyreligiøsitet

I dag utfører satanistar og Wicca-tilhengarar ritual inspirerte av trolldomslitteratur frå mellomalderen. Kabbalamystikken blomstrar som aldri før i ei amerikansk-jødisk rørsle som både Madonna og andre leiande personar i populærkulturen er ein del av. I Noreg driv eit medlem av kongefamilien engleskole der folk kan lære å sjå sin eigen skytsengel, og helseministeren ringer den kjende Snåsa-mannen når sonen hans slit med magesmerter.

Kva kjem denne auka religiøse interessa av?

Nokre forklarer framveksten av alternative religiøse rørsler som ein reaksjon på eit sekularisert samfunn: Folk har etter kvart innsett at ein ikkje kan forstå tilveret fullt og heilt berre ved hjelp av rasjonelle forklaringsmodellar.

Andre hevdar at magiske og religiøse førestellingar alltid har levd i folkedjupet. Det som har endra seg i vår postmoderne tid, er at styresmakter, forskarar og religiøse leiarar ikkje lenger har einerett på å definere korleis den enkelte av oss skal forstå den verda vi lever i.