Hopp til innhald

Fagstoff

Å samarbeide

Som helsefagarbeidar må du kunne samarbeide med fleire for at brukarane skal få eit tilpassa tilbod. Du må samarbeide med brukarane, dei pårørande, kollegaene dine og eksterne personar og instansar.
Helsefagarbeidere på jobb. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å vere eigna som helsearbeidar i jobb med ulike brukarar krev det at du utviklar gode samarbeidsevner. Du må vere kompetent til å ta ansvar, til å setje i gang tiltak og ta vare på kollegaer rundt deg på ein god måte. For å vere eigna på jobb bør du også tenkje gjennom korleis du er privat. Internett blir meir og meir offentleg, og måten du uttrykkjer deg og bruker sosiale medium på, kan påverke yrkesutøvinga di. Ein helsefagarbeidar bør vere godt skikka til jobben og vere ein god rollemodell for andre. Det kan føre til eit dårleg samarbeid om du kritiserer andre yrkesgrupper eller kollegaer på sosiale medium.

For å kunne samarbeide må du beherske språket og vise ei interesse for at samarbeidet skal gå som forventa og til fordel for brukaren. Du må setje deg inn i kva de skal samarbeide om, kven som skal leie samarbeidet, og kva som er målet for samarbeidet. Og du må ta ansvar for din del av oppgåvene de har blitt einige om. Det er brukar som skal stå i fokus, og det er avgjerande for å fremje god helse at alle som samarbeider rundt ein brukar, gjer oppgåvene sine på ein forsvarleg måte.

På Vg1 helse- og oppvekstfag lærte du kva omgrepet tverrfagleg samarbeid tyder, og kva for yrkesgrupper som kan vere aktuelle å samarbeide med i framtidige yrke.

På Vg2 skal du lære meir om dei samarbeidspartnarane som er aktuelle når du arbeider som helsefagarbeidar, og du skal lære noko om ditt ansvar for dette samarbeidet.

"Å komme saman er byrjinga. Å halde saman er framsteg. Å arbeide saman er suksess." Kjelde: Henry Ford

Tenk over

  1. Kva for kompetansemål i læreplanen din teilseier at du skal lære om samarbeid? Diskuter i klassen din.
  2. Lag eit tankekart som viser kva du kan om tverrfagleg samarbeid før du begynner med dette emnet.
    Sammenlikn tankekartet ditt med fagstoffet frå Vg1 helse- og oppvekstfag. Er det fagstoff du treng å repetere?
    Tankekartet kan takast fram att når du er ferdig med emnet. Kva har du lært?
  3. Bruk bileta på sida som inspirasjon til ein tekst om samarbeid i jobben som helsefagagarbeidar.

Relatert innhald

Tverrfagleg samarbeid betyr at fleire yrkesgrupper samarbeider for å vareta heile pasienten. Dette er særleg aktuelt med pasientar som har diagnosar som påverkar fleire funksjonar i kroppen, og der det er viktig å sjå fysiske skadar i samanheng med pasienten sin psykiske og sosiale situasjon. Skal ein leggje til rette for at pasienten skal få eit tilbod som dekkjer alle viktige behov, og der dei ulike tiltaka blir koordinerte til ein heilskap, er det heilt nødvendig at fleire yrkesgrupper blir trekte inn. Dei ulike yrkesgruppene må samarbeide slik at alle jobbar mot same mål.

CC BY-NC-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2017

Læringsressursar

Arbeidsglede og samarbeid