Hopp til innhald

Fagstoff

Urinstix

Vi tek ein urinprøve ved mistanke om urinvegsinfeksjon. Urinstix er ei undersøking der ein papirstrimmel som er tilsett kjemiske stoff, blir dyppa i urinen. Dersom det til dømes er bakteriar, blod eller sukker i urinen, vil strimmelen skifte farge.
Sjukepleiar sjekkar fargekodar på ein urinprøve i urein sone. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Urinprøve

Urinstix blir nytta ved mistanke om urinvegsinfeksjon. Vi kan mellom anna undersøkje om urinen inneheld raude eller kvite blodceller, sukker, protein, nitritt eller keton. Urinprøven bør bli teke av midtstråleurin på morgonen.

Midtstråleurin: Late den første urinen i toalettet eller i eit bekken, så litt i ein eigna behaldar.

Urinen er normalt steril. Den første urinen som kjem, skyl urinrøyret. Det er viktig at urinen ikkje blir ureina av bakteriefloraen i området rundt urinrøyrsopninga eller av hudfloraen til pasienten sjølv eller personalet.

Nødvendig utstyr

  • urinflaske eller bekken
  • ein boks med teststrimlar. Ta ut éin og skru lokket på igjen.
  • eingongshanskar
  • tørkepapir

Prosedyre

  • Dersom brukaren skal ta prøven sjølv, må vi gi informasjon om framgangsmåte.
  • Les brukarrettleiinga på boksen med teststrimlar.
  • Utfør god handhygiene og ta på hanskar.
  • Informer brukaren om å vaske seg nedantil og late vatnet i eit bekken eller ei urinflaske. Hjelp brukarar som ikkje greier det sjølve.
  • Den første urinen som kjem, blir kasta eller går rett i toalettet.
  • Dypp teststrimmelen i urinen og legg han på eit tørkepapir.
  • Følg deretter brukarrettleiinga som står på boksen.
  • Dokumenter resultatet.

Dersom urinen gir utslag på eitt eller fleire av felta, vil legen ofte rekvirere ein prøve til mikroskopisk undersøking eller mikrobiologisk prøve.

Utfordringar til deg

  1. Kva er urinstix? Når nyttar vi urinstix?
  2. Kvifor er god handhygiene viktig i denne samanhengen?
  3. Kvifor bør det nyttast midtstråleurin til prøven?
  4. Kva kan det tyde dersom stix gjer utslag på
  • kvite blodceller
  • blod eller raude blodceller
  • sukker
  • protein

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie