Fagstoff

Elektromagnetiske bølgjer

Publisert: 26.05.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Lommelykt

Vi bruker nemninga "elektromagnetisk" om stråling av alle slags foton fordi vi oppfattar strålinga som ein kombinasjon av svingande elektriske og magnetiske felt. Det heile spreier seg med lysfarten som ei bølgje.

Image showing the thumbnail for content named \"Lys\"eForelesing om lys.
Leverandør: Amendor
 

 

 

Image showing the thumbnail for content named \"Lyset til stjernene\"eForelesing om lyset til stjernene.
Leverandør: Amendor
 

 

 

Simulering og oppgåver: Emisjon elektronsprang.

 

 

 

Image showing the thumbnail for content named \"Spekteranalyse\"Simulering og oppgåver: Spekteranalyse.
Leverandør: Amendor

 

 

 

Laser i bøyd vannstråle. 

Bølgjer

Vi får alltid elektromagnetisk stråling når elektriske ladningar endrar fart eller retning, det vil seie når dei blir akselererte. I ein radio- eller fjernsynssendar svingar elektrona i antenna fram og attende. Dei blir akselererte og sender ut elektromagnetiske radio- eller fjernsynsbølgjer.

Laserlys i vatn. Foto.Laserlys i vatn.   

Men det utviklar seg foton på andre måtar òg. Fotona frå lysande gassar, for eksempel frå nordlyset, stammar frå atoma når elektrona hoppar frå eitt energinivå til eit anna med lågare energi.

 

Bølgjelengder

I tillegg til energien er òg bølgjelengda ein viktig eigenskap ved bølgjene.

Det elektromagnetiske spekteret. Illustrasjon.Spekter og bølgjelengd.  

Eininga for bølgjelengd er meter (m). For lysbølgjer er bølgjelengdene så små at det er vanlegare å bruke milliondels meter, med symbolet μm = 10-6 m (mikrometer), eller milliarddels meter, med symbolet nm = 10-9 m (nanometer).

Fargar, bølgjelengd og energi

Fotona i dei ulike fargane har forskjellig energi og bølgjelengd. Vi ser av tabellen nedanfor at fotona med mest energi har den minste bølgjelengda, mens dei med minst energi har den største bølgjelengda. Stor bølgjelengd svarer altså til liten energi, og lita bølgjelengd svarer til mykje energi.


Fargar Energi (aJ) Bølgjelengd (nm)
Raud 0,25 - 0,30 650 - 800
Orange 0,30 - 0,33
600 - 650
Gul 0,33 - 0,36 550 - 600
Grøn 0,36 - 0,40
500 - 550
Blå 0,40 - 0,44
450 - 500
Fiolett 0,44 - 0,50
400 - 450

Tabellen viser berre den synlege delen av det elektromagnetiske spekteret. Spekteret held fram på begge sider av det synlege området (sjå figuren på neste side). Radiobølgjer kan ha bølgjelengder på fleire kilometer og svært liten energi, mens bølgjelengdene for fotona i røntgenstråling kan vere brøkdelar av ein nanometer og ha svært mykje energi.

Oppgåver