Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsføring

Som handverkar bør du kjenne marknaden du opererer i. Du må også vite korleis du kan profilere deg.

Å kjenne marknaden

Uansett om du vil selje produkta og tenestene dine sjølv eller gjennom andre, vil det alltid vere bra å kjenne den marknaden du opererer i. Kva er moderne akkurat no, og korleis vil trendane utvikle seg dei nærmaste åra? Desse inntrykka bør du ta vare på og systematisere.

Kva fordelar har ditt produkt eller dine tenester framfor andre sine? Kva unike eigenskapar er knytte til ditt produkt eller dine tenester? Opnar det du har å tilby spesielle utsikter for kunden? Ser du konkrete truslar i marknaden mot ditt produkt eller dine tenester? Driv du aktivt med produktutvikling for å fornye produkt eller tenester? Det er ein generell tendens til at livssyklusen til produkt og tenester blir stadig kortare. Kan du motverke dette ved å tilby kvalitet?

Marknadsføring

Utgangspunktet marknadsføring må vere eit produkt å selje eller ei teneste det er etterspørsel etter. Her skal vi sjå nærmare på praktisk marknadsføring.

Logo

Ein logo er eit viktig og grunnleggande element i den praktiske marknadsføringa. Når det gjeld firmaet, skal den uttrykke forretningsidéen. Når det gjeld det enkelte produkt, skal den formidle gjenkjenning og invitere til kjøp.

Brosjyre

Ei brosjyre blir laga for å presentere produktet med informasjon og bilete. Format, komposisjon og layout vil ha mykje å seie for sluttproduktet.

Modell med strikkevest sett inn i eit stilisert fjellandskap. Omarbeidd foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Webside

I dagens digitale samfunn er det avgjerande for bedrifter å ha ein godt fungerande nettstad. Den bør gje ei god oversikt over innhaldet som blir presentert, og det bør vere enkelt å navigere seg fram på sidene. Du bør tenke nøye gjennom val av fargar, bilete, layout og liknande.

Sosiale medium

På sosiale medium kan du vere meir personleg. Få fram kva som gjer bedrifta di unik, slik at folk får lyst til å følgje deg. Vel den plattforma kundegruppa di bruker mest og tilpass innhaldet etter målgruppa di. Ver aktiv og følg opp innlegga dine. Kommuniser med følgjarane dine i form av likar-klikk og kommentarar.

Utstilling

Skal du marknadsføre produkt som blir selt i ein butikk eller liknande, er utstilling ein veldig god måte å få vist fram produkta.

Lusekofte heng til utstilling i naturen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei mindre handverksbedriftene

For dei fleste mindre handverksbedriftene er det ikkje dei store annonsane som opnar marknaden. Det har vi ikkje råd til. Sats derimot på på digital marknadsføring og intensiv kontakt med dei kundane du får etter kvart. Følg dei gjerne opp med små spesialtilbod via e-post eller sosiale medium. Prøv å etablere eit marknadsføringsnettverk av personar og bedrifter som kan vere til gjensidig hjelp og støtte for kvarandre.

Indirekte marknadsføring er ei fellesnemning på aktivitetar som kan gjere logoen og varemerket til bedrifta og produktet kjende. Sats på tillitsskapande og langsiktig relasjonsbygging. Og ikkje minst: Hald god kontakt med journalistane i dei lokale mediebedriftene. PR i form av positiv omtale der er gull verd.

Relatert innhald

Her ser vi på korleis bedrifter kan marknadsføre seg frå si eiga bedriftsside på Facebook og kjøpe annonsar på Facebook.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 14.05.2021

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift