Hopp til innhald

Fagstoff

Universell utforming for barn og unge

Det bør vere sjølvsagt at arenaer for barn og unge er tilgjengelege for alle, men slik er det dessverre ikkje overalt. Universell utforming skal gjere kvardagen for barn og tilsette lettare.
Bil med bakmontert rullestolheis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inkludering av alle

I Noreg har vi eit ønske om at alle menneske skal delta på dei same arenaene, og at ingen skal ekskluderast. Universell utforming er ein del av det som må til for å gjere barnehagar, skolar og fritidsaktivitetar tilgjengelege for alle.

Åtte av ti skolar er ikkje for rullestolbrukarar

Manglande universell utforming fører til at elevar med funksjonshemmingar i mange tilfelle ikkje får gå på den skolen som dei høyrer til. Noregs Handikapforbund krev at det kjem ei forskrift som pålegg universell utforming av alle undervisningsbygg innan 2015.

Høge tersklar, trapper og ubrukelege handikaptoalett er vanlege barrierar på skolar her i landet. Heile 86 prosent av alle skolane bryt krava til anten inngangsparti, heis eller handikaptoalett. Det viser ei landsomfattande kartlegging som Noregs Handikapforbund (NHF) har gjort.

Kjelde: Miljødepartementet

Meir enn utforming av bygningar

Det er viktig at du får ei forståing av at universell utforming ikkje berre er knytta til utforming av bygningar.
Universell utforming handlar også om:

  • utforming av gang- og sykkelstiar
  • skilting
  • tilgang til informasjon i aviser, bøker og på internett
  • mulegheit til å bruke kollektivtransport

Kan du komme på andre ting?

Betydning for barn og unge

Universell utforming vil ha betydning for barn og unge sine mulegheiter for å delta i leik og aktivitet. Det vil auke barna sine mulegheiter til å delta på dei arenaene som andre barn nyttar. Dette kan ha betydning for sosialisering og utvikling av identitet.

Funksjonshemmingar kan forståast som eit gap mellom føresetnadene til eit menneske og miljøet sine krav til funksjonsevne på område som er vesentlege for å etablere og halde vedlike eit sjølvstendig og sosialt liv. Universell utforming skal fjerne så mykje som mogleg av dette gapet.

Ny teknologi

Ny teknologi er ein viktig del av kvardagen til menneske i vår tid og gir mange auka mulegheit til deltaking. Menneske med funksjonshemmingar kan oppleve informasjons- og kommunikasjonsteknologi som barrierar for deltaking.

Ny lov om tilgjengelegheit

10. juni vedtok Odelstinget Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova. Ho skal sikre alle lettare tilgang til bygningar og plassar.

Den delen av lova som handlar om tilgjengelegheit, gjer det påbode å sørge for universell utforming av fysiske møteplassar og omgjevnader. Vidare gir lova personar med nedsett funksjonsevne eit rettsleg vern mot diskriminering.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2018

Læringsressursar

Universell utforming