Hopp til innhald

Fagstoff

Innsamling av personopplysingar

Det er viktig at du kjenner dei lovene og reglane som gjeld innsamling av personopplysingar. Lovverket blir stadig endra, og du må difor halde deg oppdatert. Når du samlar inn opplysingar om barn og ungdom, må du vere ekstra merksam.
To små jenter sit i ein vindaugskarm og ser ut av vindauget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lover og reglar

Det er to hovudårsaker til at vi må vere ekstra forsiktige med opplysingar vi samlar inn om ein person:

  • kravet om teieplikt

    Teieplikta har strenge reglar når det gjeld opplysingar vi får om barn og unge. Dette gjeld også opplysingar vi får under observasjon.

  • reglane for å samle inn og oppbevare personopplysingar

    Alle som skal samle inn og oppbevare personopplysingar, må følgje personopplysingslova med forskrifter.

Når du skal observere eit barn, må du anonymisere personopplysingane til barnet. Det er mange måtar å gjere dette på, men ein måte kan vere å nytte initialane til barnet og alderen på barnet då du observerte det.

Døme: Du skal observere Petter Larsen som er fem år og to månader gammal. Då kan du skrive P. L., g, 5,2 for å anonymisere. P. L. er initialane hans, g står for gut og 5,2 er alderen.

Behandling av personopplysingane om barn i barnehagen og skulen er unnateke melde- og konsesjonsplikta. Vi skal likevel vere varsame når vi samlar inn opplysingar om barn og unge.

I tillegg kan du søkje på nettsidene til Datatilsynet. Der finn du mykje nyttig stoff om personvern i barnehage og skule, og du finn svar når du er usikker på korleis du skal handtere personopplysingar.

Lova om personopplysingar vart oppdatert i 2018, og på heimesidene til Datatilsynet kan du finne sidene om barnehage og skule.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor har vi strenge reglar for innsamling av opplysingar om barn og ungdom?
  2. Gjer deg kjend på sidene til Datatilsynet.
  3. Kva vil det seie å ha teieplikt?
  4. Finn ulike måtar å anonymisere personopplysingar om barn på. Spør gjerne i ein barnehage eller ein skule om korleis dei gjer det der.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg, Randi Kvernmo og Kjell Arne Standal.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Observasjon