Hopp til innhald

Fagstoff

Kols (kronisk obstruktiv lungesjukdom)

Kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) er ei samlenemning på ei gruppe sjukdommar som blir kjenneteikna av at lungefunksjonen er varig nedsett som følge av forandringar i luftvegane.
Eldre mann får oksygen tilført via ein slange i nasen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kols

Kols er ei forkorting for kronisk obstruktiv lungesjukdom, og han blir kjenneteikna ved varig nedsett lungefunksjon, tronge luftvegar og tung pust. Pasientar med kols kan ha nytte av oksygenbehandling.

Dei vanlegaste undergruppene av kols er kronisk bronkitt og emfysem. Det er ofte vanskeleg å trekke eit skarpt skilje mellom astma og kols fordi symptoma ofte glir over i kvarandre.

I Noreg har cirka 150 000 personar over 40 år kols (2018). Fire til seks prosent av den norske befolkninga har kols. Det er grunn til å tru at meir enn halvparten ikkje veit at dei har sjukdommen. Sjukdommen er sjeldan før 40-årsalderen, men deretter stig førekomsten fram mot 70-årsalderen. Kols er ei vanleg dødsårsak over heile verda.

Symptom

Kols utviklar seg over mange år. Symptom og plager er avhengig av kor langt sjukdommen har utvikla seg.

Hoste

Morgonhoste med oppspytt kan vere det første symptomet på kols.

Slim

Slimdanninga kjem av langvarig irritasjon i bronkiane fordi pasienten har pusta inn forureina luft over lang tid. Oppspyttet kan vere farga.

Tung pust

Tung pust (dyspné) er eit av hovudsymptoma på kols. Den tunge pusten blir gradvis forverra. Pasienten merkar det først når han eller ho anstrenger seg, til dømes går i motbakkar eller trapper. Seinare blir pasienten òg tungpusta ved kvile og får kronisk oksygenmangel. Det er spesielt vanskeleg å puste ut.

Tronge luftvegar

Tronge luftvegar kjem av betennelsesforandringar (inflammasjon) i slimhinnene til luftvegane. Krampar i muskulaturen, skadar i støttevevet rundt bronkiane og auka slimproduksjon i bronkiane forsterkar den tunge pusten.

Piping i brystet

Pipelydar i brystet kan oppstå ved fysiske anstrengingar og ved luftvegsinfeksjonar.

Lite energi

Ved langt framskriden kols bruker pasienten meir krefter på å utføre daglege gjeremål og fysiske aktivitetar. Pasienten blir dermed fortare trøytt og orkar mindre. I seine stadium av kols bruker pasienten det meste av energien sin på å puste. Då kan pasienten miste matlysta og gå ned i vekt.

Luftvegsinfeksjonar

Kolspasientar blir ramma av hyppige luftvegsinfeksjonar som bronkitt og lungebetennelse. Sjukdommen øydelegg elastisiteten til lungene, og pasienten får derfor ei tønneforma brystkasse.

Fargeforandringar

Pasienten kan òg få ein raudblå ansiktsfarge fordi det blir mange raude blodceller i blodet. Kroppen kompenserer for den kroniske oksygenmangelen med ein overproduksjon av raude blodceller. Lepper og fingrar blir blålege (cyanotiske) på grunn av for lite oksygen. Seint i sjukdomsforløpet får pasienten for lite oksygen, og dette kan gi hjartesvikt.

Redusert livskvalitet

Redusert livskvalitet på grunn av psykiske og sosiale plager kan bli resultatet ved langt framskriden kols. Pasienten kan oppleve at nedsett fysisk funksjonsevne og nedsett aktivitetsnivå, kombinert med tung pust og auka trøyttleik, påverkar ønsket om og evna til sosial omgang. Å isolere seg kan føre til depresjon.

Årsaker

Kols er først og fremst eit resultat av at luftvegane i mange år har vorte utsette for stoff som irriterer luftvegane.

Tobakksrøyk

80–90 prosent av alle tilfelle av kols kjem heilt eller for ein stor del av tobakksrøyk. Jo meir ein røyker, og jo lenger ein har røykt, desto større er risikoen for å få kols.

Luftforureining

Kvaliteten på den lufta ein pustar inn, påverkar bronkiane. I yrke der det er høg grad av luftforureining, som hos sveiserar, murarar, målarar, bønder og arbeidarar i visse industriar, kan støvpartiklar og luftvegsirriterande gassar og væsker føre til utvikling av kols.

Astma og luftvegsinfeksjonar

Alvorleg astma, visse arvelege disposisjonar og hyppige luftvegsinfeksjonar i barneåra er òg ein risikofaktor for å utvikle kols.

Å stille diagnose

Sjukehistoria (anamnesen) og ei klinisk undersøking vil gi ein mistanke om at pasienten har utvikla kols.

Ved å måle lungefunksjonen med eit spesielt apparat (spirometri) kan mistanken forsterkast. På røntgenbilete av lungene ser ein ofte typiske forandringar som kan stadfeste mistanken.

Behandling

Ingen av behandlingsformene heilar sjukdommen, men dei fleste pasientar kan gjennom behandling få mindre plager og betra livskvalitet.

Røykekutt

Det viktigaste i behandlinga av kols er røykekutt. Røykekutt åleine vil føre til mindre hoste og mindre slimproduksjon i lungene. I enkelte tilfelle kan lungefunksjonen bli merkbart betre om pasienten sluttar å røyke.

Medisinar

Det finst ulike typar medisinar som kan brukast. Ved kols varierer effekten mykje frå pasient til pasient, og ein må derfor prøve ut medisinar slik at kvar pasient får sitt eige tilpassa behandlingsopplegg. Medisinar blir brukte til å utvide bronkiane, dempe betennelsesforandringane og løyse opp slim.

Oksygen

Ved langt framskriden kols kan det vere behov for dagleg og kontinuerleg tilførsel av oksygen.

Lungefysioterapi

Lungefysioterapi blir brukt for å hjelpe pasienten med å få opp slim.

Kirurgi

Kirurgi blir brukt ved kols som ikkje blir lindra av anna behandling. Bullektomi, lungereduksjon og lungetransplantasjon er kirurgiske behandlingar mot kols.

Utfordringar til deg

  1. Kva står bokstavane i kols for?
  2. Kva kan vere det første symptomet på kols?
  3. Kva er dyspné?

  4. Kva kan vere årsakene til at menneske med kols får redusert livskvalitet?

Kjelde

Folkehelseinstituttet. (2018, 24. januar). Kronisk obstruktiv lungesykdom (kols) i Norge. https://www.fhi.no/nettpub/hin/ikke-smittsomme/kols/

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i respirasjonssystemet