Fagstoff

Nyttige adresser når du arbeider med helse

Publisert: 16.02.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Epler på rad

Helse er eit stort og spennande område som du kan bruke mykje tid på å fordjupe deg i dersom du ønskjer det. Vi får stadig ny kunnskap om korleis vi kan ta vare på eiga og andre si helse. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du halde deg fagleg oppdatert.

Du vil finne mengder med fagstoff dersom du søkjer på nettet, men hugs å vere kritisk til det du finn, for det er ikkje alt som er like seriøst.

Her er nokre nyttige adresser:

  • Helsedirektoratet har informasjon om tema som tannhelse, fysisk aktivitet, tobakk, rusmiddel, seksualitet med meir.
  • Folkehelseinstituttet tek for seg ei rekkje aktuelle tema, mellom anna vaksinasjon, diabetes og overvekt. Dei har også eigne temasider om barn og helse og om unge si helse.
  • Norges Diabetesforbund har informasjon om diabetes, barn med diabetes og kva skulen bør vite om diabetes. Du finn også eigne barnesider om diabetes.
  • Norges astma og allergiforbund har informasjon om mellom anna astma, allergi, eksem og kols.
  • Statistisk sentralbyrå gir deg høve til å søkje og få opp opplysningar om barn og unge si helse, mellom anna barnedødelegheit og tal på skadde barn i trafikken.
  • Forebygging.no er ein kunnskapsbase for rusførebyggjande og helsefremmande arbeid. Stoffet har varierande vanskegrad.
  • Regjeringen har fordjupingsstoff om helse.
  • Norges idrettsforbund har informasjon om barneidrett.
  • Lommelegen.no har fagstoff om barn og unge si helse, vaksinar, barnesjukdommar og mykje meir.
  • Psykisk helse i skolen  har program om psykisk helse til bruk på alle trinn i skulen.
  • ung.no har fagtekstar som er skrivne for ungdommar, historier, quizar og mykje meir knytt til både fysisk og psykisk helse.
  • Barneombudet har eigne sider om barn og helse, om funksjonsnedsetting hos barn og unge og om psykisk helse.

Gjer deg kjend på nettstadene over, og noter ned adresser på andre gode nettstader du finn.

Relatert innhald