Fagpersonar
Helsesjukepleiar (tidl.helsesøster)
Helsesjukepleiar jobbar med helsefremmande og førebyggjande arbeid for barn og unge og familiane deira. Du møter helsesjukepleiar mellom anna på helsestasjonane, helsestasjon for ungdom og som helsesjukepleiar ved skulen.
Lege
Hovudarbeidsområdet til legen er å diagnostisere og behandle pasientar. Vanlegvis er det foreldra som tek barna til legen, men i enkelte samanhengar kan legen bli ein samarbeidspartnar for barnehagen eller skulen. Det kan vere dersom de akutt må ta eit barn til lege, eller om det er spesielle sjukdommar som de må få orientering om.
Psykolog
Ein psykolog jobbar med åtferda til menneske for å betre livskvaliteten til deira. Ein del barn og unge går til psykolog, og av og til er det naturleg å ha samtalar med barnet, psykologen og dei som jobbar i skulen.
Sosionom
Ein sosionom jobbar med menneske i vanskelege og varierte livssituasjonar, og den viktigaste arbeidsoppgåva er å hjelpe menneske med å finne løysingar som kan betre livskvaliteten til kvar enkelt.
Ergoterapeut
Ein ergoterapeut legg til rette for menneske som av ulike grunnar har vanskar med å utføre daglege aktivitetar, eller som står i fare for å få det. Ergoterapeuten bruker aktivitetar i direkte behandling og opptrening, eller indirekte ved å leggje til rette for gjeremål, ved å tilpasse omgivnadene og ved å bruke tekniske hjelpemiddel. (Kjelde: Utdanning.no)
Miljøarbeider
Miljøarbeidarar har ofte ulike instruksar alt etter kor dei jobbar. Du vil truleg samarbeide med miljøarbeidaren dersom du jobbar med ungdommar.
Fysioterapeut
Alle kommunar skal ha fysioterapeut. Fysioterapeuten kan vere ein aktuell samarbeidspartnar når det gjeld råd og rettleiing. Fysioterapi handlar om rørslene og funksjonane til kroppen i eit helseperspektiv, og fysioterapeuten arbeider både førebyggjande, helsefremmande og behandlande.
Lenkjer til dei ulike yrkå frå utdanning.no
Aktuelle samarbeidspartnarar
- Pedagogisk psykologisk teneste (PPT), som skal hjelpe barn, unge og vaksne med problem i opplæringssituasjonen. PPT kan teste barn, hjelpe til slik at barna får ei tilrettelagd opplæring, vere bindeleddet mellom ulike instansar og utarbeide sakkyndige rapportar når det er krav om det. Menneske med ulik bakgrunn kan jobbe i PPT: Det kan vere spesialpedagogar, logopedar og andre med utdanning innan pedagogisk psykologisk rådgiving. PPT hjelper også barnehagar med å planleggje og gjennomføre spesialpedagogiske tiltak. Les meir om PPT under relatert fagstoff.
- Barne- og ungdomspsykiatri (BUP). Hjelper barn frå 0–17 år og foreldra deira med å finne løysingar på psykiske problem, lærevanskar og åtferdsvanskar. I nokre tilfelle er det aktuelt å gå inn i eit samarbeid med skulen eller barnehagen og BUP.
- Helsestasjonen. Alle kommunar er pålagde å ha helsestasjon, og helsesjukepleiar skal leie helsestasjonen. I tillegg til éi eller fleire helsesjukepleiarer har helsestasjonane også ein lege som jobbar der éin eller fleire dagar. Ofte har dei også éi eller fleire jordmødrer knytte til helsestasjonen.
- Oppfølgingstenesta (OT) gir rettleiing og hjelp til ungdom mellom 16 og 20 år som ikkje har, og som treng hjelp til å skaffe seg skuleplass, læreplass eller arbeid. OT samarbeider med NAV.
Utfordringar til deg
Gå saman i grupper på to og to. De kan bruke Internett, bøker eller intervju til å finne svar på dei følgjande spørsmåla:
- Korleis fungerar samarbeidet om barn og unges helse, og korleis er dette organisert i kommunen eller bydelen du bur i?
- Kva kompetanse har dei som jobbar der?
- Kva kan dei gjere for barn og unge?
- Korleis er det naturleg for barne- og ungdomsarbeidaren å samarbeide med den aktuelle samarbeidsparten?