Oppgåve: Yrkessituasjon

Yrke: Helsefagarbeidar i open omsorg

Publisert: 02.11.2009, Oppdatert: 03.03.2017
HIH

I denne filmen fortel ein helsefagarbeidar om arbeidet sitt heim hos brukaren. Han kjem inn på emne som kva for personlege eigenskapar du bør ha, kven du arbeider saman med, og kva arbeidet dreiar seg om.

I denne filmen fortel helsefagarbeidaren om yrket sitt. Sjå filmen før du gjer oppgåvene.


Hjelp i hjemmet
Opphavsmann: Høgskolen i Bergen

 

Utfordringar til deg

  1. Her fortel helsefagarbeidaren at jobben hans er å hjelpe andre til sjølvhjelp. Kva betyr dette?
  2. Han fortel om ei servicebedrift. Kva er det, kven jobbar der, og kva gjer dei?
  3. Kva meiner ein med at brukarane treng hjelp i sosialiseringa?
  4. Kven jobbar saman på denne arbeidsplassen?
  5. Kva er etiske spørsmål?
  6. Kor kan helsefagarbeidaren jobbe?
  7. Kva er rettleiing?
  8. Kva for eigenskapar treng du når du skal jobbe i eit bufellesskap?
  9. Kva for rolle har klede i denne jobben?
  10. Korleis kan du opparbeide gode relasjonar til brukarane?
  11. Helsefagarbeidaren seier at det ikkje er lurt å bli for privat, kva trur du han meiner?
  12. "Å hjelpe menneske gir ei god kjensle", seier han i filmen. Korleis kjennest det å ha ei god kjensle?
  13. Å hjelpe nokon med personleg hygiene er ei arbeidsoppgåve. Korleis trur du brukaren opplever det? Korleis trur du helsefagarbeidaren opplever det?
  14. Denne mannen arbeider i eit "bufellesskap". Kva er det?
  15. "For å få til ein god relasjon må ein gi av seg sjølv". Kva betyr det?

 

Relatert innhald