Fagstoff

Minkande fiskeressursar

Publisert: 05.10.2010, Oppdatert: 15.08.2018
Fisk i trekasse, Tyrkia

Det er aukande global semje om at fiskeressursane står i fare for utrydding. Innan 2050 kan dei store fiskebestandane vere borte, og då er det kanskje for seint å angre seg. Store delar av fiskerinæringa er innstilt på endringar, men dei vil ikkje at det skal gå så fort, fordi det kan bety konkurs for mange fiskereiarar. Spørsmålet er om det kan gå fort nok?

 

om filmen og boka "the end of the line".Lenke til nettsted.Om filmen "The End of the Line".  

 

 

Utsnitt i to ulike målestokker av havområde.foto.Til forskjell frå tidlegare fiskemetodar påverkar trålinga som er brukt i dag, havbotnen. Sjølv om somme stader toler trålinga, blir andre område sterkt skadde. På biletet ser vi eit mudderspor etter ein reketrålar, observert frå satellitten Landsat.  

 

 

Undervannstegning av en trål.ilustrasjon.Oppbygginga av ein botntrål.  

 

 

Frosne tunfisker lagt i rekker på golvet.foto.Frå tunfiskmarknaden Tsukiji i Tokyo. Japan blir skulda for å byggje opp lager av frosen tunfisk, for å ha når bestanden er øydelagd.  

 

 

 

laayoune, vest-sahara.Lenke til et satelittbilde.Google Maps: I Laayoune i Vest-Afrika blir det drive med fiskeforedling med råstoff frå ein omstridd norsk trålar.  

Overfiske fører til hardare kamp om dei resterande ressursane

Fiskenæringa viser tydeleg at vi menneske lever på ein felles, avgrensa planet. Ettersom alle ville fiskebestandar sym fritt over grensene, kan dei ikkje seiast berre å høyre til eitt land. Fiskereiskapane har blitt stadig meir effektive, og kapasiteten til fiskeflåten er no meir enn dobbelt så stor som tilveksten av fisk. Det blir hevda at 90 prosent av dei store fiskane, som sverdfisk og hai, er tekne. Mellom ein firedel og halvparten av alle fiskebestandane er overutnytta, og dei fleste av dei andre er på grensa til overfiske.

Det er sterke interessekonfliktar mellom nasjonar om kor mykje som kan fiskast, og mellom ulike grupper av fiskarar om kven som skal få tildelt fiskekvotane. For å regulere fisket, og for å løyse mange andre havrettskonfliktar, klarte 60 SN-nasjonar å bli einige om havrettstraktaten, som blei gjeldande frå 1994. Kvar nasjon fekk dermed råderett over havet ut til 200 nautiske mil frå land, samtidig som dei var ansvarlege for eit forsvarleg uttak frå fiskebestandane i si sone. I dei felles sonene skal det setjast felles fiskekvotar.

Det er kraftig press for å setje kvotane høgt, tunfisk (makrellstørje) er eit trist eksempel

Tre tunfisker i blått hav.foto.Blåfinna tunfisk (makrellstørje). 

Makrellstørja kan bli tre meter lang og vege 500 kg. Utbreiingsområdet er i eit band rundt heile kloden, i Middelhavet, Atlanterhavet og Stillehavet. Internasjonale organ fastset årlege kvotar for kvar enkelt fiskebestand, og for makrellstørje, Blue finned Tuna, er det ICCAT som har ansvaret.

ICCAT (The International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas) har ei eiga forskingsavdeling som i 2006 anbefalte ein kvote på 15 000 tonn i Nord-Atlanteren og Middelhavet. På grunn av press frå fiskerinæringa blei kvoten i mellomtida sett til 29 500 tonn. I ettertid er det rekna ut at det faktiske fisket var på 61 000 tonn, altså fire gonger så mykje som det som blei sett på som forsvarleg. Ifølgje WWF er ICCAT eigentleg ei forkorting for: International Conspiracy to Catch All the Tuna.

Ulovleg fiske og fiske i uregulerte havområde skjer stadig

Eit av dei store problema er at dei internasjonale avtalane blir brotne av kriminelle. Som eksemplet med tunfisken viste, blei det fiska dobbelt så mykje som den bestemte kvoten. Årsaka er at den økonomiske gevinsten er så stor. Tunfisk blir betalt med opp til 1000 kroner per kilo på fiskemarknaden i Tokyo. Når fiskebåteigarar ofte er pressa økonomisk og kontrollorgana er for svake, blir resultatet at mange fangar meir enn dei gir opp.

Det finst òg folkerettslege gråsoner som blir utnytta til rovfiske. Marokko har okkupert landet Vest-Sahara og gir utanlandske trålarar, mellom anna norske, lov til å ta store makrell- og sardinfangstar utanfor kysten av landet. Fangstane blir førte i land i Vest-Sahara, til anlegg som er åtte og drivne av marokkanarar. Det er brot på folkeretten å ta ressursane frå eit okkupert land.

 

Las Palmas: Demonstrantar frå Vest-Sahara protesterer mot at den norske båten Midøy Dahkla1 driv trålfangst utanfor det okkuperte landet deira. Dei roper: "Piratar, ikkje stel frå oss!"