Hopp til innhald

Fagstoff

Skjemastadiet (7–9 år)

Lowenfeld meinte at alle barn går gjennom ulike stadium i utviklinga av biletlege uttrykk.

Skikkelse i stabbur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Barn utviklar seg ulikt

Nokre utviklar seg likevel raskt på grunn av stimulans, modnad og miljø, mens andre bruker lengre tid. Difor kan barn i same klasse eller på same alderstrinn ha komme på ulike stadium. Inndelinga i stadium må vi sjå på som rettleiande og ikkje som ei eksakt norm.

På skjemastadiet skjer det ei stor og interessant utvikling i korleis barna tek i bruk nye måtar å uttrykkje seg på. Grunnen til at det blir kalla skjemastadiet, er at dei symbola og figurane dei teiknar og målar, tilfredsstiller førestellingane deira om seg sjølve og omverda.

Måten barna for eksempel teiknar menneske på, samsvarer med kor langt dei sjølve har komme når det gjeld dette omgrepet. Desse skjemaa blir tekne opp at mange gonger med mindre variasjonar. Symbola trer klart fram på papiret, ofte med symmetri og geometriske former.

Typisk for teikningar i skjemastadiet er at barna overdriv det som er viktig for dei. Det blir som ei karikert avisteikning, der vanlege storleiksforhold forsvinn og det som er viktig, er detaljrikt og stort teikna. Som ei følgje av dette utelèt barna det som er mindre viktig. Dei kan òg forandre skjemaa for det som betyr ekstra mykje for dei. For eksempel kan ein ny kjole føre til at dei trer ut av det vanlege skjemaet for menneske og gir seg sjølve ei ny og meir detaljrik form.

Barna vil etter kvart sjå seg sjølve i ein større samanheng, og dei blir gradvis mindre egosentriske. Dette vil spegle seg i teikningane ved at dei kan teikne fleire menneske saman, men oftast seg sjølve i sentrum. Sjølv om teikningane kan vere ganske flate, kjem no framstilling av rom tydelegare til syne. Dei bruker ofte den nedste kanten av arket eller ein strek langt nede på arket som grunnlinje.

Barna nyttar òg ofte utbretting, det vil seie at vi for eksempel kan sjå tre vegger av eit hus samtidig. Ved å blande vinklane vi ser frå, kan barna teikne den same tingen både frå sida og ovafrå. Dei kan òg teikne etter røntgenprinsippet, slik at vi ser huset utafrå samtidig som vi ser dei som er inne. På skjemastadiet teiknar barna aller mest slik dei sjølve symbolsk oppfattar tinga lettast. Ein katt blir ofte teikna sitjande framafrå med halen opp på den eine sida og ein hund i profil med stor snute. Barna kan òg skildre ei hending som går over tid på same teikning.

Fargebruk

Dei fleste barna ser no òg samanhengen mellom ulike element og fargar. Fargebruken blir realistisk, slik at graset blir grønt, sola gul og himmelen blå. På viktige motiv med detaljar kan dei sitje lenge og vurdere fargenyansar før dei bestemmer seg.

Når vi er inne i alderen for skjemaet og gjentakinga, er det viktig at barna òg har teiknemateriale som gjer at dei kan bruke dei same fargane på dei same gjenstandane. Dekkjande plakatfargar og temperafargar er ideelt for dette, mens dei utflytande og gjennomskinlege vassfargane er vanskelegare å kontrollere. Sidan oppdaginga av detaljer har komme for fullt, kan hårpenslar som spissar seg, vere bra å bruke. Elles kan vanleg teiknemateriell som fargeblyantar, fargestiftar og vassbaserte filtpennar vere bra for denne aldersgruppa.

Utfordringar til deg

  1. Skaff nokre teikningar som barn i denne aldersgruppa har laga.
  2. Kva skjer med teikneutviklinga på dette stadiet?
  3. Kva slags teiknesaker vil du tilrå for denne aldersgruppa?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Knut Høihjelle, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2018

Læringsressursar

Lowenfeld sine teiknestadium