Hopp til innhald

Fagstoff

Historisk tilbakeblikk

Så tidleg som i 1887 begynte den italienske kunsthistorikaren Corrado Ricci å samle inn ei stor mengd barneteikningar. Med tanke på korleis statusen til barn var på den tida, og dei vaksne sine oppfatningar av barn generelt, er dette ein overraskande tidleg start på forskinga på barneteikningar.
Koppar med maling og penslar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor teiknar barn?

Sjølv om Ricci ikkje samla inn etter eit bestemt system eller kom fram til viktige teoriar, var dette opptakten til ei omfattande interesse for og forsking på barn og biletverda deira.

Det var dei same grunnleggjande spørsmåla dei stilte seg den gong som no: kvifor teiknar og uttrykkjer barn seg slik dei gjer, og kva er det som avgjer og påverkar korleis dei dekkjer eit ark med strekar, flater og fargar?

Både forskarar, lærarar, andre fagfolk og foreldre vil nok mange gonger stille seg undrande til kva barnet kan ha meint med akkurat dei strekane der. Difor kan det vere avgjerande at dei som omgåast barn, kan lære og forstå meir om teikningane til barna enn at dei er artige og fine å sjå på.

Det finst mange ulike teoriar om kvifor barn teiknar som dei gjer, og ulike forklaringsmodellar for korleis teikningane kan tolkast. Mange forskarar vil leggje stor vekt på den rolla modninga speler for korleis barna uttrykkjer seg, mens andre legg meir vekt på korleis læring, miljø og kultur påverkar teikneutviklinga til barna.

For barn er teikning uttrykk

Den norske kunstpedagogen Rolf Bull-Hansen tok utgangspunkt i forskinga til Gustav Britsch då han utvikla teoriane sine om at barneteikningar er førestellingsteikningar og ikkje sakteikningar eller etterlikningar. Han seier at for barn er teikning uttrykk, eit middel til å tolke eins eiga oppfatning av omverda, og at det er ein samanheng mellom oppfatning av form og det uttrykket forma får. Ifølgje teoriane hans er det eit klart samsvar mellom teikneuttrykket til barnet og det nivået barnet er på fysisk og mentalt.

Psykologi

Helga Eng var ein norsk psykolog og pedagog som blir rekna som ein pioner innan barnepsykologien. Ho følgde og analyserte teikneutviklinga hos fleire barn frå dei var små, til dei blei vaksne. Studiane hennar danna mykje av grunnlaget for den systematiske forskinga til den austerrikske kunstprofessoren Viktor Lowenfeld. Også hans hovudbodskap er at vi må sjå barneteikningar i lys av den personlege utviklinga til barnet. Han meiner at å teikne hjelper barnet i utviklinga si ved at det forstår omverda betre og klarer å identifisere seg med sine eigne opplevingar. Det er det psykologiske grunnlaget for teikningane som er viktig, ikkje det estetiske.

Lowenfeld har delt inn teikneutviklinga hos barn og ungdom i ulike stadium og knytt dei forskjellige stadia til ulike alderstrinn. Sjølv om ikkje alle forskarar er einige i denne inndelinga og det er glidande og usynlege overgangar mellom dei forskjellige teiknestadia, er dette den mest brukte modellen for å systematisere teikneutviklinga.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan påverke teikneutviklinga til barn?
  2. På kva slags måte?
  3. Kva for samanheng kan det vere mellom teikningane til barna og kjenslene deira?

Diskuter med dei andre i klassen.

CC BY-NC-SASkrive av Knut Høihjelle, Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2018

Læringsressursar

Teikning og teikneutvikling