Motorisk utvikling
I byrjinga kan vi forstå teikningane som ei samordning mellom viljeimpulsar og avgrensa arm- og handrørsler med gjenstandar som etterlèt spor. Teikningane blir eit uttrykk for ei ibuande utforsking av eigen motorikk og materiale som set punkt og linjer.
Til å begynne med treng ikkje små barn så mykje rettleiing og tilrettelegging frå vaksne. Snart vil likevel ulike grader av stimulering og engasjement verke inn på teikneutviklinga deira. At dei har lett tilgang på teiknesaker, og at heimen eller barnehagen motiverer til å utfalde seg med blyant og papir, vil verke gunstig og lærerikt. Det miljøet dei veks opp i, og den kulturen dei er ein del av, vil òg spegle seg i måten dei etter kvart lagar teikningane sine på. Difor vil barn alt i tidleg alder ha utvikla teikneuttrykket sitt svært forskjellig. Barn på same alder kan framvise ei høgst varierande biletverd og ha kome på ulike nivå i teikneutviklinga.
Når barn lagar strekane sine på papir, viser dei oss ikkje berre ei teikning. Dei gir oss ein viktig del av seg sjølve: korleis dei ser, korleis dei kjenner, og korleis dei tenkjer. Difor kan ei teikning spegle dei inste tankane og det inste kjenslelivet til eit barn og fortelje oss mykje om korleis det eigentleg har det. Ei teikning frå eitt barn sin glade og harmoniske oppvekst vil skilje seg klart frå ei teikning frå ein som har opplevd mykje utryggleik og sorg. Papiret blir ikkje berre ein viktig arena å uttrykkje seg på, men òg ein reiskap for å arbeide med gode og vonde opplevingar, sortere kjenslene og ikkje minst lære av det som har skjedd.
Rolla til fagarbeidaren
Difor kviler det eit ansvar på dei som er i kontakt med barn, anten det er heime, i barnehagen eller på skulen, for at det blir lagt til rette for at barna skal få uttrykkje seg visuelt. Det må skapast ein god atmosfære slik at teikning og måling kjennest som det viktigaste, kjekkaste og mest interessante av alle ting.
I dei fleste faga i skulen lærer vi eksakt kunnskap, der noko er rett og noko er feil. Teikning og forming skil seg ut ved at vi her konsentrerer oss om subjektive kjensler og sanseinntrykk. Når barna får ein sjanse til å vere kreative og sjølvstendig teikne eller måle det som kjem innafrå, vil dei utvikle oppfatninga av seg sjølve og få auka sjølvtillit.
Utfordringar til deg
- Diskuter kva barn i ulike aldrar treng av teiknesaker.
- Tenk tilbake og beskriv den teikneopplæringa du har fått. Kva var bra?
- Kva skulle du ønskje hadde vorte gjort på ein annan måte?
- Korleis kan du leggje til rette for at barn skal få uttrykkje seg visuelt?