Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er helse, miljø og sikkerheit?

Arbeidsmiljøloven er med på å sikre arbeidsplassen, og det er denne loven som seier noko om kva helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid inneber. Einkvar arbeidsplass skal ta omsyn til helsa, miljøet og sikkerheita til arbeidstakarane. Eit godt helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid blir best gjennomført ved å jobbe systematisk med aktuelle problemstillingar, og dermed er dette kravet også lovfesta i arbeidsmiljøloven.
HMS. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Internkontrollforskrifta

Systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid blir også kalla for internkontroll og har si eiga forskrift. Ho heiter ”Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid” og blir gjerne forkorta til ”Internkontrollforskrifta” og har heimel i arbeidsmiljøloven.

  1. Sørgje for at dei lovane og forskriftene i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga som gjeld for verksemda, er tilgjengelege, og ha oversikt over dei krava som er særleg viktige for verksemda.
    • I barnehagen eller skulen vil dette f.eks. seie arbeidsmiljøloven, forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn, forskrift om næringsmiddelhygiene og forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skule.
  2. Sørgje for at arbeidstakarane har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet, og også informasjon om endringar.
    • For at krava til internkontroll skal vere oppfylte, så må det sørgjast for at einkvar arbeidstakar, til eikvar tid, har fått informasjon og opplæring. F.eks. har barnehagen kjøpt inn stellebord med heve- og senkemogelegheiter for å førebyggje muskel-/skjelettplager hos dei tilsette. Dette vil berre komme dei tilsette til gode dersom dei får opplæring i korleis det blir brukt, og korleis det blir tilpassa kvar enkelt.
  3. Sørgje for at arbeidstakarane er med slik at samla kunnskap og erfaring blir utnytta.
    • Eit godt HMS-arbeid går ut frå at leiar og dei tilsette samarbeider. Det må skapast mogelegheiter for arbeidstakarane til å vere med, f.eks. med gjennomføring av personalmøte og medarbeidarsamtalar. Aktuelle tema vil vere organisering av arbeidsdagen, korleis arbeidsoppgåvene skal fordelast, kommunikasjon og informasjonsflyt.
  4. Fastsette mål for helse, miljø og sikkerheit.
    • Arbeidsplassen må velje seg nokre mål å jobbe mot. Desse måla må dokumenterast skriftleg, og barnehagen/skulen kan f.eks. ha som overordna mål: ”Barnehagen/skulen vår skal beskytte mot personskadar". Da kan tilhøyrande delmål vere: ”Barnehagen/skulen vår skal bevisstgjere alle tilsette på ergonomi ved at alle deltek på kurs".
  5. Ha oversikt over organisasjonen til verksemda, og også korleis ansvar, oppgåver og myndigheit for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit er fordelte.
    • Dette inneber å ha ei oversikt over korleis arbeidsplassen er organisert med eigarstyret og tilsette. I tillegg skal det også dokumenterast korleis det blir jobba med helse, miljø og sikkerheit, og korleis ansvaret er fordelt mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Enkelte arbeidsplassar har også verneombod og arbeidsmiljøutvalg.
  6. Kartlegge farar og problem og på denne bakgrunnen vurdere risiko, samt utarbeide tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikoforholda.
    • Det må gjennomførast ei risikokartlegging ut frå forholda på arbeidsplassen, og dette skal dokumenterast. Risikokartlegginga vil avsløre kva for forhold i barnehagen/skulen som kan vere ein fare for bygningen, for dei tilsette og for barna. Kartlegginga vil danne grunnlaget for kva for førebyggjande rutinar som må utarbeidast, f.eks. ”Barnehagen ut på tur". I tillegg må det utarbeidast handlingsplanar for korleis ein oppfører seg om uønska hendingar likevel skulle oppstå, som f.eks. ”Når eit barn blir borte". Eit anna eksempel på risikokartlegging kan vere å sjå etter teikn på mogelege brannfarar, og ein kan da bruke ei sjekkliste som denne.
  7. 7. Setje i verk rutinar for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på krav fastsette i helse-, miljø- og sikkerheits- lovgjevinga.
    • Dette inneber at arbeidsplassen har eit system som fangar opp avvik. Eit avvik er f.eks. når rutinar ikkje blir følgde, mangelfull opplæring, eller når det oppstår ein skade. Til dette kan ein f.eks. nytt eit skjema som han/ho som oppdagar avviket, fyller ut
  8. 8. Setje i verk systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at han fungerer som han skal.
    • Det må kontinuerleg jobbast med helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen, og ei grundig kartlegging bør skje minst ein gong pr. år.

Utfordringar til deg

  1. I kva for lover og forskrifter kan du finne bestemmingar om helse, miljø og sikkerheit?
  2. Kva er internkontroll?
  3. Korleis kan ein sørgje for at lovar og forskrifter i helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevinga er tilgjengelege for dei tilsette på ein arbeidsplass?
    Spør gjerne tilsette i skular og barnehagar om dette.
  4. Finn ut korleis ulike arbeidsplassar går fram for å sikre at dei tilsette til eikvar tid har gode nok kunnskapar om helse, miljø og sikkerheit.
  5. Søk opp ein arbeidsplass og finn ut korleis han er organisert. Kven har ansvar for kva når det gjeld helse, miljø og sikkerheit?
  6. Sjå på skjema som ligg som vedlegg, og gjer følgjande:
    • Diskuter korleis desse kan brukast.
    • Kvifor er slike skjema så viktige?
    • Finn ut om barnehagar og skular i ditt nærmiljø har andre skjema dei bruker i HMS-arbeidet.
  7. Søk på nettet og gjer følgjande:
    • Skriv ned 5 nettadresser som handlar om HMS.
    • Vurder måten informasjonen blir gjeven på.
    • Kva for ei side er enklast å forstå?
    • Kva for ei side gjev deg den informasjonen du har behov for?
    • Kven står bak sida?
    • Kven passar ho for?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Kristin Sleteng Bakken, Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og Private Barnehagers Landsforbund.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) for arbeidstakaren