Fagstoff

Ur- og instrumentmakar

Publisert: 31.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Smed- og urmaker BILDE.png

Ur- og instrumentmakarfaget har lange handverkstradisjonar. Handverksfaga som byggjer på Vg2 Ur- og instrumentmakar omfattar konstruksjon og produksjon av instrument, og enkeltdelar til instrument, reparasjon av gamle, verdifulle ur og optiske måleinstrument og vedlikehald og utvikling av mekaniske og elektroniske spesialinstrument i samband med forsking. Som namnet på utdanninga fortel, består faget av to hovudområde: urmakar og instrumentmakar.

Urmakar (lang)
Leverandør: NRK

INSTRUMENTMAKER (LANG VERS)
Leverandør: NRK
 

I røynda kan du spesialisere deg i fire retningar: nautisk instrumentmakar, optronikar, storurmakar og vanleg urmakar. Ein nautisk instrumentmakar konstruerer, produserer, reparerer og vedlikeheld instrument som blir brukte til sjøs, som skipskompass, peileskiver og ulike instrument for havforsking. Ein optronikar reparerer, tilpassar og lagar optiske og geodetiske instrument, som for eksempel blir brukte til landmåling. Geodesi er vitskapen om storleiken og forma på jorda. En storurmakar lagar og vedlikeheld alle typar ur, men har spesialisert seg på mekaniske og elektriske tårnur og kyrkjeur, veggur og golvur. Urmakaren reparerer både små mekaniske ur, elektroniske ur og fleirfunksjonsur.

Urmakar Jørgen Borling driv urmakarforretninga Jacobsens Eftf. AS i Lillestrøm. Han har vore aktiv i utdanningsutvalet i Norges Urmakerforbund, og vil gi oss informasjon om kva som krevst av den som vil bli urmakar. Du finn ein lengre versjon av videoen i lenkjesamlinga.

Urmakar (kort)
Leverandør: NRK

Opplæringa skal bidra til å utvikle praktisk dugleik og grunnleggjande forståing av handverket. Den skal gi kompetanse innanfor konstruksjon og produksjon, restaurering og vedlikehald av antikke gjenstandar, optiske målinstrument og kompliserte mekaniske og elektroniske produkt som kan brukast i forsking og miljørelatert verksemd. Opplæringa skal leggje vekt på praktisk arbeid og utvikling av motorisk dugleik som eit grunnlag for å beherske enkle og meir kompliserte arbeid.

INSTRUMENTMAKER (KORT VERS)
Leverandør: NRK
 

Ur- og instrumentmakarfaga krev presisjon og tolmod. Det krevst gode materialkunnskapar og kunnskapar om mekaniske samband, samanføyingsmetodar og overflatebehandling. Du må ha teknisk innsikt, gode teoretiske kunnskapar, godt handlag og evna til å sjå praktiske løysingar. Bearbeiding av stål, metall, tre og kunststoff er nødvendig i arbeidet med instrumenta. Du må kunne bruke mange ulike måleinstrument, kjenne til radiostyrde funksjonar og kunne teikne skisser i samband med reparasjonar.

Etter Design og handverk Vg1 kan du ta utdanning i ur- og instrumentmakarfaget på skole Vg2, og deretter spesialisere deg innanfor eitt av de fire områda gjennom opplæring som lærling to år i bedrift. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald

Generelt