Fagstoff

Særløpsfag

Publisert: 31.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Særløpsfagene


  • Blyglashandverkar 
  • Forgyllarfaget 
  • Gipsmakarfaget 
  • Gjøtlarfaget 
  • Glashandverkarfaget 
  • Gravørfaget 
  • Handbokbindarfaget 
  • Keramikarfaget 
  • Kurvmakarfaget 
  • Maskør- og parykkmakarfaget 
  • Repslagarfaget 
  • Seilmakarfaget 
  • Taksidermistfaget

LeireLeire

For ei rekkje fag innanfor design og handverk finst det ikkje skoletilbod utover det du lærer i grunnkurset Vg1. For desse faga teiknar du lærekontrakt i bedrift etter Vg1. Dersom du er interessert i å utdanne deg vidare i nokre av desse faga, bør du undersøkje nærmare kva tilbod som finst i dei ulike fagmiljøa, eller ved å kontakte rådgivar på skolen.

Dei fleste yrkesfaglege utdanningane er to år på skule og to år i bedrift. For nokre fag er det óg opplæring eit tredje år på skule. For særløpsfaga, der det ikkje fins relevant tilbod i skule ut over vg1, må det teiknast avtale om læretid i bedrift. På bilete nedanfor ser du korleis løpet til særløpsfaga er.

Særløpsfag løpetSærløpsfag 

I løpet av dei tre åra i bedrifta:

  • har du opplæring  programfag og fellesfag
  • har du obligatorisk eksamen i programfag på vg2
  • kan du bli trekt ut til eksamen i fellesfaga norsk, engelsk og samfunnsfag

Innan dei fleste små handverksfag er det i dag eit svært avgrensa anntal lærebedrifter. Dette betyr at dei som ønskjer læreplass innan eit av desse faga må vere aktive søkarar. I nokre tilfelle må du rekne med å bruke lang tid på å inngå ein lærekontrakt. Det er derfor viktig at den som vel eit slikt yrke set seg godt inn i kva faget innebære og kva som krevast av lærlingen. I tillegg er det viktig å søke andre vg2 alternativ.

Oppgåver

Generelt