Fagstoff

Smedfaget

Publisert: 31.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Med tilbakeblikk på yrket smed BILDE.png

Smeden representerer eit av dei eldste yrka i verda, og smiing er ein del av kulturarven vår. Dyktige smedar er kjende ved namn heilt frå 1300-talet i Noreg. Smeden har i alle år hatt ein viktig plass innanfor bruken av stålmaterialar som skal formast til verktøy og reiskapar, låsar og beslag, dekorative element og prydgjenstandar. Smedane i vår tid fører vidare gamle handverkstradisjonar, samtidig som dei bruker moderne verktøy og produksjonsmetodar.

Vid kunnskap

Sjølve smedhandverket føreset utvikling av grunnleggjande dugleik i arbeid med ulike smijernsmaterialar, smiteknikkar og samanføyingsmetodar. Smeden må ha god kunnskap om dei materialane som blir nytta i smedfaget. Det gjeld blant anna oppbygginga, eigenskapane og styrkeforholdet til stålmaterialane og tilsatsmaterialane . Smeden må kunne beherske fleire forskjellige teknikkar, som å skjere, smi, sveise, herde, klinke, file, osv. For å bli smed er det dessutan viktig å ha godt handlag, estetisk sans og formsans.

I samband med rehabilitering og restaurering må smeden kunne utføre reparasjonsarbeid og fornye utstyret sitt ved å bruke gamle teknikkar og samanføyingsmetodar. Smeden må kunne forstå tekniske teikningar og sjølv kunne visualisere eigne idéar og tekniske løysingar ved hjelp av teikning. I restaureringsarbeid må ein ofte klare å lage skisser, teikningar og malar ut frå fotografi. Smeden må også kunne designe nye ornament og detaljar.

 

Smed
Leverandør: NRK
 

 

Smedens arbeidsdag

I smia blir jernet varma opp i ein open smelteomn som blir kalla ”esse” til det gløder. Når jernet er gult, er det klart til bearbeiding på ambolten. Emnet må varmast opp med jamne mellomrom for å halde riktig temperatur. Når det er ferdig, må emnet herdast, og det skjer ved å avkjøle det i kaldt vatn. Herdast ikke emnet på det korrekte tidspunktet, kan metallet bli for sprøtt eller for mjukt.

Ein smed kan arbeide på ein verkstad eller ha si eiga verksemd.
Arbeidet går ut på å forme verktøy, reiskapar, låsar, beslag og dekorativ kunst ved bruk av stålmaterialar. Stål er ei legering med jern og opptil 2,1 % karbon. Når karboninnhaldet i jern overstig 2,1 %, blir det kalla støypejern. Smeden må også vedlikehalde maskinar og handverktøy. Og vil du satse på ei sjølvstendig kunstsmie, må du som andre handverkarar marknadsføre produkta dine.

gammeldags lås.foto.Låsesmed
Fotograf: Ukjent
 

Etter Design og handverk Vg1 kan du ta utdanning i smedfaget på skole Vg2, og deretter opplæring to år som lærling i bedrift. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.

SMED
Leverandør: NRK
 

Relatert innhald