Fagstoff

Interiør- og utstillingsdesign

Publisert: 31.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Interiørutstilling

Dersom du har interesse for og eit bevisst forhold til dei tinga vi omgir oss med og kva uttrykk dei representerer både i offentlege og private rom, kan interiør- og utstillingsdesignfaget vere noko for deg. Ein interiørkonsulent, profileringsdesignar eller utstillingsdesignar kan drive sitt eige firma eller vere tilsett i ulike typar verksemder som for eksempel eit arkitektkontor, i  butikkjeder, evenementsbyrå, byggjevare-, møbel- og utstyrsforretningar eller i kjøkken- og badeutstyrsforretningar.

designer stol og designer bordMøbeldesign.

Etter Vg2 kan du velje å spesialisere deg i tre retningar: interiørdesign, profileringsdesign og utstillingsdesign. Ein interiørkonsulent planlegg og gjennomfører innreiingar i private heimar eller offentlege kontor og bedrifter. Ein profileringsdesignar lagar reklame for bedrifter og produkt på transportmiddel og fasadar, og driv dessutan med generell informasjonsskilting. Ein utstillingsdesignar stiller ut tredimensjonale objekt i offentlege rom.

Opplæringa skal bidra til utvikling av kreativitet og forståing for estetiske og etiske problemstillingar innanfor fagområdet interiør og utstilling. Praktisk arbeid med materialar, reiskapar og teknikkar skal gi grunnlag for fagleg kompetanse og forståing for faget i ulike kulturar og tradisjonar. Opplæringa skal utvikle evna til å sjå samanhengen mellom materielle uttrykk og oppfatningane og assosiasjonane til dei ulike målgruppene..

For å bli interiørkonsulent må du ha kunnskap om dei materialane og produkta som blir nytta i planlegging av møblering og innreiing av bustader. For å bli profileringsdesignar må du ha kunnskap om visuell kommunikasjon i det offentlege rommet. For å bli utstillingsdesignar må du lære å planleggje og gjennomføre utstillingar av ulike slag.

Skandinavisk design
Leverandør: NRK

Parallell AS har drive med kreative eksponeringsløysingar sidan 2000. Vi møtte Tine Velo Grina, Gyri Kvidahl og Lina Larsson idet dei var i ferd med å førebu ein dekorasjonsjobb for kleskjeda Voice. Alle dei tre jentene kallar seg eksponeringsdesignarar. Men det er denne typen oppgåver du vil kunne jobbe med som interiør- og utstillingsdesignar. Du finn ein lengre versjon av videoen under relatert innhald.

Utstillingdesign (kort)
Leverandør: NRK

I opplæringa skal det leggjast vekt på praktisk arbeid med fagrelaterte materialar, reiskapar og teknikkar, dessutan kreativ idéutvikling og profesjonelle presentasjonsformer. Du må lære å kunne definere kundens behov, og å presentere idear til ulike løysingar. For å gjere dette må du lære å bruke materialar, teknikkar, form og farge i samsvar med funksjon og arbeidets art.


Etter Design og handverk Vg1 kan du ta utdanning i Interiør- og utstillingsdesign på skole Vg2, og deretter spesialisere deg eitt år Vg3 i interiørdesign eller utstillingsdesign på skole, eller to år i profileringsdesign som lærling i bedrift. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.

Oppgåver
Relatert innhald

Fagleg

Tverrfagleg