Fagstoff

Frisør

Publisert: 12.10.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Gammel frisørsalong

Frisørfaget er eit kreativt og utfordrande yrke. Som frisør må du stadig halde deg oppdatert med raskt skiftande motar. Du må like å arbeide med menneske, og du bør være imøtekomande, tolmodig og ha evna til å lytte. Alle menneske har ulike ønske og behov når det gjeld val av frisyre. Tidlegare var frisørfaget delt i dame- og herrefrisøryrket, mens dei fleste salongane i dag dekkjer begge kjønn. Det gjer også utdanninga.

hår i ulik fargeGenetisk variasjon gir ulike hårfargar.
Opphavsmann: Sigrid Bøhle Langen

 

parykk på dokke.foto.Parykkmakar 

Opplæring skal stimulere til kreativitet, til problemløysing og til val av gode arbeidsmåtar i frisørarbeidet. Hovedvekta skal leggjast på praktiske øvingar i grunnleggjande teknikkar og bruk av ulike typar verktøy. Sentrale element i opplæringa er design, klipp, forming, farge og strukturendring. Du skal også lære å dokumentere og kvalitetssikre arbeidsprosessen. Som frisør bør du kunne teikne raske idéskisser for å kommunisere med kunden. Og du må kjenne grunnleggjande fargelære og ha kjennskap til dei fargesystema som blir brukte i ein salong.

Med utgangspunkt i frisørfaget kan du gjennom kurs vidareutvikle deg til stylist, fargekonsulent eller klippteknikar. Stylisten jobbar med alt saman som gjeld hår og makeup. Nokre spesialiserer seg på brudestyling. Fargekonsulenten spesialiserer seg på farging av hår, mens klippteknikaren spesialiserer seg på klipping. Du kan også vidareutdanne deg som parykk- og tupémakar.

Frisørfaget er internasjonalt. Dei same teknikkane og arbeidsformene blir nytta i store delar av verda. Dette gir deg sjansen til å arbeide i andre land. Årleg blir det også arrangert  noregsmeisterskap, europameisterskap og verdsmeisterskap i frisering. Dette gir den ambisiøse frisøren sjansen til å teste dugleiken sin mot kollegaer i inn- og utland.

For å finne ut korleis ein frisør arbeider, trong vi ikkje gå langt. I NRK har vi ei eiga maskegruppe som gjer dei fleste som skal på skjermen klare for opptak. Og på nabokontoret sat Gro Skoland, som ikkje sa nei takk til eit ekstra besøk hos frisøren midt i arbeidstida. Sminkør Marianne Kommo forklarar oss korleis ho tek imot nye kundar i salongen.

Frisør (kort versjon)
Leverandør: NRK

Som frisør må du ha god helse. Det kan ta på å stå med armane løfta det meste av dagen. Har du ulike former for allergi, er kanskje ikkje frisørfaget det beste for deg. Frisøren arbeider nemleg med mange kjemikal i samband med farge og strukturendringar. Du må vere ryddig og lære deg å utføre dagleg vedlikehald av utstyr, verktøy og maskinar som blir brukte i frisørfaget.

Etter Design og handverk Vg1 kan du ta utdanning i Frisørfaget på skole Vg2, og deretter begynne som lærling to år i bedrift. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald