Fagstoff

Båtbyggjarfag

Publisert: 13.10.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Båthistorie

Vi har bygd smekre havgåande båtar i Noreg i meir enn tusen år. Båtbyggjarfaget skal ivareta desse lange tradisjonane og samtidig bidra til fornying. Opplæringa skal gi innsikt i og forståing for det særeigne ved materialbruken til båtbyggjaren anten det gjeld trebåtbygging eller komposittbåtbygging. Opplæringa skal også stimulere til formgiving og inspirere til kreativ bruk av materialar og konstruksjonar, dessutan bruk av framtidsretta utstyr. Målet er at båtbyggjaren kan bidra til å skape berekraftige kystsamfunn ved å byggje og vedlikehalde fritidsbåtar og mindre yrkesbåtar.

 

Annonse for trebåt. Foto.Trebåter forlenger livet 

 

To unge menn skrur på ein båt motor. Foto.Mekking på båtmotor 

 

Trebåtbyggjaren må ha grundig kjennskap til mange typar materialar, om oppbygging og eigenskapar til ulike trevirke, om tørkeprosessar og bearbeiding, om mekaniske sambindingsmetodar, liming, overflatebehandling og mange typar tekniske installasjonar. Arbeidsoppgåvene vil forutan forming og bearbeiding av tre også omfatte arbeid med stål og andre metall og plast og andre komposittmaterialar.

Ein trebåtbyggjar
Leverandør: NRK
  

Komposittbåtbyggjaren lagar mindre båtar i plast, komposittmaterialar og metall. Kompositt består i hovudsak av eit karbonfiberarmert polymermateriale som er ekstra lett og særdeles sterkt. Det er svært slagfast og motstår godt slitasje og ytre belastning. Arbeidsplassen kan vere i små eller mellomstore bedrifter. Arbeidsoppgåvene kan omfatte både bygging av nye båtar, eventuelt produksjon av delar til større båtbyggjeri, eller det kan dreie seg om reparasjon og vedlikehald.

Jenter fra Blakstad bygger båt
Leverandør: NRK

Kjernen i båtbyggjarfaget, anten det dreier seg om trebåtar eller komposittbåtar, handlar om korleis vatn og krefter frå sjøen, bølgjer og vind, verkar inn på båten og båtkonstruksjonen. Sentralt i faget står derfor inngåande forståing for form, materialar og teknikkar. Sans for god design og dugleik i konstruksjon med teikning - visualisering - er viktig. Og sjølv om faget byggjer på lange tradisjonar, står evna til nytenking svært sentralt i eit fag som på verdsbasis utviklar seg raskt.

Ein liten pram
Leverandør: NRK

Etter Design og handverk Vg1 kan du ta utdanning som båtbyggjar på skole Vg2, og deretter to år med opplæring i bedrift, anten i komposittbåtbyggjar- eller i trebåtbyggjarfaget. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.