Fagstoff

Børsemakar

Publisert: 12.10.2010, Oppdatert: 09.08.2012
Børsemaker og frisør.png

Børsemakaren lagar eller reparerer skytevåpen. Børsemakarfaget skal bidra til å halde oppe eit høgt kunnskaps- og tryggleiksnivå omkring våpen og våpenbruk. Børsemakaren reparerer, justerer, tilpassar og produserer våpendelar og våpen som blir brukte til jakt og sportsskyting. Historisk er faget ei spesialisering i det tradisjonelle smedfaget. I Noreg er det opplæring i børsemakarfaget berre ved Gauldal vidaregåande skole på Støren.

Børsemaker juster skiskyterbørseNRKBørsemakar for skiskyttarar

 Børsemakar (lang versjon)
Leverandør: NRK
 

Børsemakeren bearbeider stål og andre metall, tre, horn, bein, plastmaterialar og andre kunststoff. Til bearbeiding, samanføying og overflatebehandling av materialar og våpendelar blir det nytta ulikt spesialverktøy og maskinar. Til samansetjing av våpen kan børsemakaren bruke både eigenproduserte og innkjøpte delar. Arbeidet består av praktisk problemløysing i forhold til ulike konstruksjonar, materialar og teknikkar. Eit godt våpen skal vere konstruert slik at det både er effektivt å skyte med og vakkert å sjå på.

Våpna som børsemakaren arbeider med på verkstaden sin kan både vere svært gamle handlaga våpen som er samleobjekt, og det kan vere heilt opptil 150 år gamle industriproduserte våpen. Gjennom  arbeidet sitt er børsemakaren derfor også ofte ein kulturformidlar. Med sin kjennskap til utviklinga i faget skal han eller ho bidra til å ta vare på dei lange jakt- og skyttartradisjonane i Noreg. Det kan derfor vere ein fordel om du som vil bli børsemaker er interessert i historia omkring  jakt og friluftsliv.

For å lære meir om børsemakaren sitt arbeid tok vi turen til Dal i Eidsvoll kommune. Der møtte vi Petter Bratli, som har drive børsemakarverkstaden BørseLars i mange år. I tillegg til å vere kjent som ein dyktig handverkar har han totalt 30 VM- og EM-medaljar som utøvar i pistolskyting, av dei fire VM-gull og fire EM-gull. Han har også teke gull i 50 nordiske meisterskap og har nærmare 80 NM-titlar i pistolskyting. Vil du sjå ein lengre versjon av videoen, kan du klikke på den i høgremargen.

Børsemaker (kort versjon)
Leverandør: NRK

Ofte vil børsemakaren i forhold til lokale jakt- og fiskeforeiningar vere en ressursperson som ein ventar  kan gi rettleiing i tekniske spørsmål om våpen og ammunisjon og om lover og reglar knytte til våpen og våpenbruk. Dette er eit område der det gjeld strenge reglar om tryggleik i samfunnet vårt, og det er viktig at børsemakaren bidrar til å formidle dei. Du må også ha kunnskap om viltlova og dyrevernlova.

Som oftast har børsemakaren direkte kontakt med den som eig eller kjøper eit våpen, og må derfor ha evna til å gi god og relevant informasjon om våpenet, siktemidla, tilleggsutstyr og vedlikehald til kundane. For å kunne utøve børsemakarfaget må du ha løyve frå Politidirektoratet. Eitt av krava er faglege kvalifikasjonar som tilsvarar  sveinebrev i faget.

Etter Design og handverk Vg1 kan du ta utdanning som Børsemakar på skole Vg2, og deretter to år som lærling i bedrift. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.