Fagstoff

Nyttige adresser når du arbeider med rasisme

Publisert: 08.10.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Lys og mørk

Her finn du nokre nettstader som kan vere nyttige når du jobbar med temaet rasisme. Rasisme er eit stort og viktig område som du kan bruke mykje tid på å fordjupe deg i dersom du ønskjer det. I tillegg til fagstoffet du finn innanfor barne- og ungdomsarbeidarfag, anbefaler vi deg også å sjå på samfunnsfag sine sider om temaet.

Gutt som jobbar med PC. Illustrasjon.Niels Henrik jobbar med pc  
Som barne- og ungdomsarbeidar skal du halde deg fagleg oppdatert. Det betyr at du må følgje med slik at du får med deg dei endringane som skjer.

 

 

Tegning av gutt som skriv. Illustrasjon.Å søkje informasjon  

Du vil finne mengder med fagstoff dersom du søkjer på nettet, men hugs å vere kritisk til det du finn, for det er ikkje alt som er like seriøst.

antirasistisk-senter
Antirasistisk senter jobbar med

  • å avdekkje, dokumentere og motarbeide rasisme og diskriminering
  • å bevisstgjere og informere om rasistisk diskriminering
  • å mobilisere personar med minoritetsbakgrunn gjennom konkrete prosjekt til aktiv og likeverdig deltaking i samfunnslivet
  • å auke samhandlinga mellom minoritetar og majoritetssamfunnet

Ung.no - rasisme
Her får du svar på det du lurer på. Nettstaden er driven av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Under rasisme finn du fagtekstar og spørsmål med svar. Dessutan finn du testar og quizar.

Forskning.no
  • Ifølgje Forskning.no er dette Nordens største nettbaserte kanal for formidling frå norsk og internasjonal forsking.
  • Ved å søkje på rasisme vil du få opp ulike artiklar om forsking på området.

Norsk Folkehjelp

  • Norsk Folkehjelp er fagrørsla sin humanitære solidaritetsorganisasjon. Dei støttar folk i kampen for meir makt og påverknad over eigne liv og over samfunnsutviklinga.
  • Norsk Folkehjelp sitt arbeid byggjer på dei fire grunnpilarane
    • kamp mot undertrykking, fattigdom og urettferdig fordeling
    • kamp mot rasisme og diskriminering
    • arbeid for likestilling og mot vald og overgrep
    • førebygging, frivillig engasjement og kompetansebygging
    (Kjelde: Norsk Folkehjelp)

SOS- barnebyer
SOS-barnebyar er ein politisk og religiøst nøytral organisasjon som gir langsiktig hjelp til foreldrelause og forsømde barn, uavhengig av nasjonalitet, kultur og religion. Dei har eigne sider med fagstoff for barnehage og skule.

MR - siden ( Den Norske Helsingforskomitè)
Her finn du temasider, idear til korleis ein kan undervise om menneskerettar, og fagstoff om rasisme.

Utfordringar til deg

  1. Gjer deg kjend med nettstadene over.
  2. Noter ned adresser på andre gode nettstader du finn.
 

Relatert innhald