Fagstoff

Design og trearbeid

Publisert: 01.09.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Møbler av unge designere

Trearbeidsfaga byggjer på lange tradisjonar. Fagområdet spenner frå tradisjonelt handverk i små bedrifter til moderne produksjon av ulike trebaserte produkt. Gjennom opplæringa skal du få kunnskap om ulike materialar og teknikkar innanfor design og trearbeid, dessutan dugleik i bruk av verktøy og maskinar. Trearbeidsfaga omfattar framstilling av møblar, trevarer, innreiingar, pryd- og bruksgjenstandar av tre og trebaserte materialar, eventuelt i kombinasjon med andre materialar, som plast, metall og andre naturmaterialar. Hovudvekta i utdanninga i Vg2 er lagd på praktisk arbeid med ulike produkt med bruk av maskinar, verktøy og utstyr som er relevante for tre og trebaserte materialar og produkt.

Hender som skjærer tradisjonelt mønster i tre. Foto.NRKMøbelsnekkere, utskjæring 

Dei fem faga du kan velje å spesialisere deg i vidare etter Vg 2 Design og trearbeid er: bøkkarfaget, møbelsnikkarfaget, orgelbyggjarfaget, tredreiarfaget og treskjerarfaget. Bøkkaren lagar tønner, kar og annan emballasje av trevarer. Møbelsnikkaren produserer nye eller reparerer gamle møblar. Orgelbyggjaren byggjer, installerer, reparerer, restaurerer og vedlikeheld orgel. Tredreiaren dreiar produkt i tre ved hjelp av ein dreiebenk. Treskjeraren skaper ornament, bilde, figurar og skulpturar i tre.

For å lære litt om korleis arbeidet i ein snikkarverkstad går føre seg, tok vi turen til Møbelverkstedet AS. Dei held til på Grünerløkka i Oslo og driv berre med nyproduksjon og restaurering av møblar. Når vi kjem på besøk, held Pål Hald og Truls Aas på med å lage ein mobil desk på oppdrag frå Konserthuset. Vi du sjå ei lengre utgåve av videoen, finn du den i høgremargen.

Møbelsnekker (kort)
Leverandør: NRK
 

Møbelsnekker (lang)
Leverandør: NRK
   

Felles for opplæringa i desse faga er at du må ha gode materialkunnskapar og godt handlag. Du må vere nøyaktig og ha både praktisk og estetisk sans. Skal du arbeide med restaureringsarbeid, må du ha kunnskapar om stilhistorie og estetiske tradisjonar. Du må også kunne utarbeide skisse- og arbeidsteikningar. Dataassisterte teikneprogram kan vere eit godt hjelpemiddel du må lære deg å bruke.

Møbelsnekkere har mykje kontakt med tremateriale
Leverandør: NRK
  

Du må også lære deg å vere kreativ når det gjeld tekniske løysingar, materialbruk, teknikkar og visuelt uttrykk. Du må lære deg å velje farge, dekor og overflatebehandling etter bruksområde og i samband med dette vurdere   sikringsrisiko av helse-, miljø- og tryggingsforhold som vedkjem bruk og oppbevaring av kjemiske produkt.

Etter Design og handverk Vg1 kan du ta utdanning i Design og trearbeid på skole Vg2, og deretter spesialisering i eitt av de fem lærefaga to år i bedrift. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.

Hausten 2011 drog vår medarbeidar Carsten Sørlie til Høvik i Bærum der ekteparet Thilde og Ole Rosén-Lystrup driv formaet Drivved AS. Dei har spesialisert seg på å lage møblar av gamle materialar. Og på vidoen nedanfor følgjer vi Ole både på jakt etter gamle materialar og ser korleis han løyser ei bestilling på eit bord med gamle materialar.

GJENBRUK I FOKUS
Leverandør: NRK
 

Våren 2012 blei nokre av arbeida til Thilde og Ole presenterte på utstillinga "Architecture of consequence", som Nasjonalmuseet i Oslo arrangerte i samarbeid med Det nederlandske arkitektinstitutt. Dei to var særleg stolte av her å bli presenterte som "eldsjeler".

I januar 2012 tok vi turen til Kværnhuset Strikk og Flisespikk på Nannestad. Strikkehandverkar Gerd Harstad kan du lese meir om under Design og tekstil. Her skal du få møte mannen hennar, Terje Harstad. Som treskjærar har han spesialisert seg på å lage såkalla "ølhøner".

 

 ØLHØNE
Leverandør: NRK
 

TREDREIER
Leverandør: NRK
FELEMAKER
Leverandør: NRK
 

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald