Fagstoff

Design og tekstil

Publisert: 31.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Undertøy

Tekstilhandverksfaga representerer viktige og nødvendige produkt med lange tradisjonar for menneske og deira omgivnad. Tekstilhandverkarar arbeider i svært forskjellige yrke, som spenner frå kjole- og draktsyarfaget og strikkefaget til salmakarfaget og møbeltapetsering. Dersom du vel å ta felles programfag Vg2 i design og tekstil, kan du velje mellom heile elleve ulike fag vidare i utdanninga. I Vg2 kan du velje å spesialisere deg på eitt av lærefaga, eller velje deg ei brei tilnærming til design og tekstilfaga ved å lære deg litt om ulike teknikkar, produkt og utstyr.

Mann veileder i veving. Foto.Vevgenerasjonen  

Tekstil (Lang versjon)
Leverandør: NRK
  

Dei elleve faga du kan velje å spesialisere deg innanfor vidare er: bunadstilverkarfaget, buntmakarfaget, herreskreddarfaget, handvevarfaget, kjole- og draktsyarfaget, kostymesyarfaget, modistfaget, møbeltapetserarfaget, salmakarfaget, skomakarfaget og strikkefaget. Bunadstilverkaren lagar, reparerer og restaurerer forskjellige bunadsdelar og heile drakter. Buntmakeren lagar, reparerer og sel pelskåper, jakker, luer og andre produkt av pelsverk. Herreskreddarar designar og syr herreklede og tilpassar klede til kundane. Handvevaren designar, produserer og sel tekstilar til klede og interiørtekstilar. Kjole- og draktsyaren lagar alle typar dameklede etter mål. Kostymesyaren produserer kostyme frå ferdig design til ferdig produkt. Modisten lagar alle typar hovudplagg. Møbeltapetseraren stoppar og trekkjer møblar. Salmakaren arbeider med bilinteriør, hesteutstyr og vesker og lommebøker av lær og skinn. Skomakaren reparerer og vedlikeheld alle typar fottøy. Strikkehandverkaren planlegg, gjennomfører og vurderer strikkearbeid.

I januar 2012 tok vi turen til Nannestad i Akershus for å finne ut meir om korleis ein strikkehandverkar arbeider. På Holter fann vi fram til Kværnhuset Strikk og Flisespikk. Her bur Gerd og Terje Harsyad i ein stor einebustad, der Gerd også har verkstaden sin. Terje produserer dekorative ølhøner. Du kan sjå ein video med han under Design og trearbeid.

Dei to ektefellane starta opp Kværnhuset Strikk og Flisespikk i 2004. Namnet kjem frå stadnamnet Kværnhusbakken. Det låg nemleg ei gardskvern her i gajmle dagar. Begge er husflidshandverkarar godkjende av Norges Husflidslag.

Genser design
Leverandør: NRK

I 2010 blei Kværnhuset godkjent som lærlingbedrift for strikkehandverk. Og for å spe på økonomien sel dei og har service på strikkemaskinar. Det er Teje som som tek seg av denne delen av verksemda.

Men vi kom jo for å lære meir om kvardagen til ein strikkehandverkar. Så vi overlet ordet til GerdHarstad, som vil vise oss korleis ho arbeider.

Tekstil (Kort versjon)
Leverandør: NRK
 

Felles for opplæringa i desse faga er det at den skal bidra til utvikling av fagleg kompetanse og handverksdugleik i tekstilfag. Det er viktig at du utviklar forståing både av forholdet mellom form og funksjonalitet og mellom marknad, motar, trendar og produksjon av tekstilprodukt. Opplæringa skal utvikle evna til kreativ formgiving og praktisk problemløysing. Programfaget skal også omfatte kommunikasjon med kundar og samarbeidspartnarar, bruk av digitale verktøy og ulike metodar for visualisering, presentasjon og dokumentasjon av idé, produkt, teneste og prosess.

Etter Design og håndverk Vg1 kan du ta utdanning i Design og tekstil på skole Vg2, og deretter spesialisering i et av de elleve lærefagene to år i bedrift. Alternativt kan du i et tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.

SKREDDER
Leverandør: NRK
 

SKOMAKER
Leverandør: NRK
 

Oppgåver

Aktuelt stoff

Relatert innhald