Fagstoff

Design og gullsmedhandverk

Publisert: 31.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Et lite gullverksted

Gullsmeden lagar, reparerer og sel smykke i edle metall og ofte med innsette steinar. Handverket går ut på å teikne og lage alle slags smykke, montere smykkesteinar, leggje emaljebelegg, siselere, dreie, trykkje og hamre ut gjenstandar. Som gullsmed må du kunne jobbe med både gamle og nye teknikkar. Du må ha kunnskapar om smykkekunst gjennom tidene, og du må både ha sans for god design og følgje med på motar og trendar i tillegg til å vere tolmodig og nøyaktig.

malmklump med sølv i fra Kongsberg.foto.Sølv i Kongsberg 

Gullsmedhandverket har ei lang og spennande historie gjennom fleire tusen år. Gullsmedlauget i Bergen er det eldste i Noreg, oppretta i 1568. Arbeidsoppgåvene for ein gullsmed kan vere svært varierte, frå rein produksjon av støypte gjenstandar og reparasjons-arbeid til design- og modellarbeid for enkeltkundar. I tillegg til å jobbe med smykke arbeider gullsmeden med framstilling av modellar i metall eller voks og ved hjelp av dataprogram.

Som gullsmed må du kunne teikne raske idéskisser, nøyaktige arbeidsteikningar i korrekt storleik og presentasjonsteikningar av det planlagte produktet. Designprosessen er ein svært viktig del av gullsmedarbeidet. Det er også nødvendig med gode materialkunnskapar for å vere klar over kva som er mogeleg å få til med dei ulike materialane og kvar grensene går.
Innanfor design og produktutvikling må ein lære seg forholdet mellom form, farge, materialar, verktøy og teknikkar. Ein skal også lære å planleggje, kvalitetssikre, dokumentere og vurdere eige arbeid.


Vi oppsøkte i 2009 to unge jenter som satsa friskt på eigen gullsmedforretning, M.A. smykker AS på Sørumsand. Begge tok dei utdanning på Elvebakken vgs og gjekk deretter læretid hos Randi og Inger i Sørumsand gullsmedforretning. Både Anne Cecilie Furuseth og Marte Thoresen, som jentene heiter, tok sveinebrev våren 2007. Marte kom på delt førsteplass i NM for lærlingar og deltok seinare i Nordisk meisterskap der ho blei nummer fem. Anne Cecilie kom på tredjeplass under NM for gullsmedlærlingar. Saman overtok dei forretninga til læremeistrane sine, Randi og Inger på Sørumsand. Men i april 2011 kom den triste beskjeden om at M.A. Smykker AS hadde slutta å eksistere. Vi ønskjer dei flinke jentene lykke til som gullsmedar vidare.

Unge gullsmedar
Leverandør: NRK

 

fiskesmykke.foto.Gullsmykke 

Etter det generelle kurset i Design- og gullsmedhandverk på Vg2 vil dei fleste spesialisere seg i ulike retningar. Filigransarbeid er å lage smykke med ein trådteknikk som i søljer. Gravørarbeid er å teikne og gravere skrift og figurar direkte på ulike produkt i forskjellige materialar, eller spegelvendt i stempel. Sølvsmedarbeid er å lage større hammararbeid som kaffikanner, bestikk og bollar. Gullsmedarbeid er å lage smykke i gull med innsette steinar. Ofte blir montering av smykkesteinar rekna som eit eige fag som kallast fatting.

Etter Design og handverk Vg1 kan du ta utdanning i Design og gullsmedhandverk Vg2 på skole, og deretter to år spesialisering i filigranssølvsmedfaget, gravørfaget, gullsmedfaget eller sølvsmedfaget i bedrift. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.

SØLVSMED
Leverandør: NRK
 

Oppgåver

Generelt