Hopp til innhald

Fagstoff

Habilitering og rehabilitering

Habilitering og rehabilitering er tidsavgrensa og planlagde prosessar. Prosessane har klare mål og verkemiddel som tek sikte på at pasienten skal lære å meistre bestemde funksjonar eller evner på eiga hand i størst mogleg grad.
Helsefagarbeidar hjelper slagramma pasient med gåtrening. Ein mann i rullestol sit i enden av eit gåtreningsapparat, ein kvinneleg helsefagarbeidar bøyer seg mot han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Habilitering

Habilitering kjem av ordet habilitere, som betyr "å gjere skikka til" eller å "gjere dyktig". Det betyr å trene opp funksjonar som ein ikkje har hatt tidlegare.

For mange menneske er omgrepet habilitering knytt til å lære funksjonar gjennom store delar av livet. Omgrepet blir til dømes nytta når ein arbeider med menneske med nedsett funksjonsevne der skaden har oppstått før, under eller rett etter fødsel.

Døme


Magnus, 6 år, er fødd med cerebral parese og må trene for å lære å gå. Målet med habiliteringa er at Magnus skal lære å gå, eventuelt at han skal opprette så god gangfunksjon som mogleg.

Menneske med utviklingshemmingar bruker ofte lengre tid på å lære både teoretiske og praktiske evner. Derfor er det ikkje uvanleg at denne gruppa trenar det vi kallar ADL-evner (aktivitetar i dagleglivet) òg når dei er vaksne.

ADL-evner kan vere praktiske evner som å vaske seg, kle på seg, lage mat, ete, vaske klede og vaske bustad. ADL inneber òg å meistre sosiale evner som det å kunne fungere i eit positivt samspel med andre menneske. Målet er at dei skal bli mest mogleg sjølvhjelpne på desse områda fordi det er viktig for oss menneske å kunne påverke vårt eige liv. Det gir ei kjensle av tilfredsheit, godt sjølvbilete og god livskvalitet.

Ung mann med Downs syndrom speler spel. Ei kvinne sit ved sida av han og held ein bunke kort som han ser engasjert på. Det er spelebrett, timeglass, blyant og papir på bordet framfor dei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rehabilitering

Ordet rehabilitering er sett saman av "re" og "habilitering". Det betyr å "rette opp att habilitet" eller at ein skal førast tilbake til eit funksjonsnivå ein har hatt tidlegare. Rehabilitering betyr altså å trene opp att funksjonar som ein har hatt tidlegare.

Døme:

Dersom ein person har vore i ei bilulykke, kan det føre til tap av funksjonar som personen tidlegare meistra på eiga hand. Etter ulykka treng vedkommande hjelp for å klare desse gjeremåla eller funksjonane.

Døme på gjeremål kan vere å komme seg opp frå senga, utføre personleg hygiene, lage mat og ete.

Ved gjenopptrening kan pasienten byggje opp att dei funksjonane og evnene han eller ho hadde før skaden/sjukdommen oppstod. Alle som har behov for langvarige og koordinerte sosial- og helsetenester, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan.

Utfordringar til deg

  1. Diskuter med ein medelev og skriv ned stikkord omkring habilitering og rehabilitering. Lag så dykkar eigen definisjon av desse to omgrepa.
  2. Skriv ned døme på brukarar du møter når du arbeider med habilitering.
  3. Ved habilitering og rehabilitering skal det bli oppretta individuell plan dersom brukaren ønskjer det. Kva er individuell plan?

Relatert innhald

Individuell plan er eit verktøy for samarbeid mellom brukaren og dei ulike tenesteytarane. Planen skal ta utgangspunkt i brukaren sine eigne mål og behov.

CC BY-NC-SASkrive av Wenche Heir og Lars Sandlie/Høgskolen i Lillehammer.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2022

Læringsressursar

Kvardagsmeistring