Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er velferdsstaten?

Dagens norske velferdssystem blei til på 1950- og 1960-talet. Da blei trygdesystemet vårt og dei offentlege tenestene innan helse-, sosial- og utdanningssektorane utbygde. I 1957 fekk vi alderstrygda, og i 1967 fekk vi folketrygda, sjølve hjørnesteinen i den norske velferdsstaten.
Eldreomsorg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Folketrygda omfattar mellom anna alderspensjon, uførepensjon, arbeidsløysetrygd, barnetrygd og offentleg legehjelp. På denne måten bruker staten store ressursar for å sikre deg og meg velferd og ein viss levestandard. Vi har med andre ord ein velferdsstat.

Den nordiske modellen

Vi pleier å skilje mellom ulike velferdsmodellar. Den nordiske modellen som vi har i Noreg, skil seg ut frå andre modellar. Hos oss har alle rett til ytingane, det vil seie at dei er universelle. Til dømes blir barnetrygd gitt til alle foreldre med barn under 18 år busette i Noreg, uavhengig av inntekta deira. Dessutan er velferdsstaten i hovudsak finansiert gjennom skattar og avgifter. Mellom anna bidreg alle ved å betale trygdeavgift som ein del av skatten.

Eit av hovudmåla er ei omfordeling av inntektene. På den måten er vi som borgarar sikra minimumsinntekt og omsorg, uavhengig av prestasjon i arbeidslivet og statusen vår i samfunnet. Derfor er eit fellestrekk ved dei nordiske samfunna at det er høg grad av likskap, og vi har lite fattigdom.

Ein annan velferdsmodell er den vi finn i USA og i Storbritannia. Der gir staten ei minstesikring til alle, men overlèt mykje til private og til marknaden. Ytingane er låge og i stor grad behovsprøvde. Her er det dei mest trengjande som får hjelp, og ein ønskjer å stimulere til å få folk til å arbeide.

Kvifor har vi ein velferdsstat?

Den grunnleggjande tanken bak velferdsstaten er at staten har teke på seg ansvaret for å sikre velferda til alle i samfunnet. Mellom anna skal dei som ikkje er i stand til å forsørgje seg sjølve, sikrast livsopphald.

Bak denne tankegangen ligg det eit ønske om å unngå konfliktar i samfunnet og dermed utvikle samfunnet vidare. Når vi har ein stat som sikrar ein økonomisk, så vil det vere lettare for nokre å ta økonomiske sjansar og dermed skape økonomisk vekst. Det vil også vere lettare å få til omstillingar i samfunnet. Eit døme her er den globale økonomiske krisa vi var inne i i 2009. Ved at velferdsstaten delvis vernar den som jobbar, og ikkje arbeidsplassen, vil nokre arbeidsplassar forsvinne, og nye levedyktige arbeidsplassar komme til.

Ein annan ting er at det skal lønne seg å jobbe. Mange av dagens velferdsordningar får ein del i gjennom å jobbe. Du får svangerskapspermisjon, rett til arbeidsløysetrygd og meir. Det har ført til at Noreg er eit av dei landa i verda der flest kvinner jobbar, og vi har høge fødselstal. Dette igjen er med på å finansiere velferdsgoda. Staten får på den måten inn fleire skattekroner, og det blir vekst i økonomien.

Kva utfordringar står velferdsstaten overfor?

Vil vi greie å halde oppe det høge velferdsnivået vi har i Noreg framover? Kva vil skje når oljeinntektene ein gong tek slutt?

Vi ser at velferdsstaten er under press i dei fleste velferdssamfunn, også i Noreg. Kostnadene ved å halde på dagens velferdsordningar vil auke framover. Det er fleire grunnar til det. Ei av dei viktige årsakene er at vi vil få ei eldrebølgje framover. Folk lever lenger, og gruppa over 60 år vil auke kraftig. Ein reknar med at i 2030 vil ein tredjedel av innbyggjarane i Noreg vere over 60 år. Samstundes blir det færre yrkesaktive som kan finansiere utgiftene til velferdsgoda. Vi er i ferd med å få eit 30–30–30-samfunn. Ein tek utdanning til ein er 30, jobbar så i 30 år, og så lever ein som pensjonist i 30 år. Dei unge tek lengre utdanning enn før, kjem seinare ut i jobb, og dei får færre barn. Når så dei eldre lever lenger, har betre helse og representerer store fødselskull, så blir det færre unge til å forsørgje dei eldre.

Ei anna utfordring er den aukande globaliseringa. Det blir større openheit i økonomien, og arbeidsinnvandringa frå EU aukar. Dette kan føre til auka press på norske velferdsordningar fordi trygdeytingar frå Noreg blir koordinerte frå andre EU/EØS-land.[1]

Dette har ført til at dei fleste landa i Europa har sett i gang omfattande velferdsreformer. I Noreg har vi mellom anna fått NAV, nytt alderspensjonssystem, obligatorisk tenestepensjon, nye uføreordningar med meir.

Så korleis skal vi finansiere velferdstenestene framover?

Statens pensjonsfond er sparepengane våre, men vil det halde framover?
Må vi betale meir skatt?
Skal vi privatisere offentlege tenester?
Må vi stimulere til meir frivillig innsats?

Vi må førebu oss på å jobbe lenger, og gjennom det vil pensjonsalderen stige. Dette er eit sentralt punkt i den nye pensjonsreforma som blei innførd i 2010. Ein nyare analyse frå forskingsavdelinga til Statistisk sentralbyrå viser at for å unngå lågare pensjonsytingar i framtida, må du som arbeidstakar utsetje pensjoneringa di med om lag åtte månader for kvart år levealderen over 62 år aukar i befolkninga. Personar fødde i 1996 må jobbe fire år lenger enn personar fødde i 1943 for å få dei same pensjonsytingane.[2]

Relatert innhald

I den norske velferdsstaten tek vi vare på innbyggjarane, slik at alle er sikra eit minimum av levestandard, uavhengig av eiga eller foreldra si inntekt.

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2017

Læringsressursar

Velferd og levekår